Historisk arkiv

Statsministerens program veke 33

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg reiser denne veka mellom anna til Arendal, Bergen og Knarvik.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 14. august
Statsminister Erna Solberg deltek på fleire arrangement under Arendalsveka.

Kl. 13.00: Statsministeren inviterer til presselunsj om dei viktigaste utfordringane Noreg står overfor dei komande åra. Korleis kan vi skapa dei nye jobbane framover? Korleis inkluderer vi alle i det nye arbeidslivet? Stad: Blom restaurant i Pollen i Arendal.

Kl. 16.30: Statsministeren held Høgres partileiarappell på Kanalplassen i Arendal.

Kl. 21.30: Statsministeren deltek i partileiardebatten som vert sendt frå Arendal kultur- og rådhus.

Pressekontakt i Arendal er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Tysdag 15. august
Kl. 11.45: Statsministeren besøkjer byggjeplassen der Tine skal bygge nytt meieri i Bergen. Stad: Espehaugen Industriområde.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Kl. 14.00: Statsministeren besøkjer Universitetet i Bergen og deltek i opninga av nytt akademisk år. Stad: Nygårdsparken.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Kl. 15.30: Statsministeren deltek i fleire valkamparrangement på Festplassen i Bergen. Arrangementet er i regi av BT, BA og NRK Hordaland, og det vert mellom anna ein paneldebatt med alle fyrstekandidatane i Hordaland.

Kl. 18.30: Statsministeren held partileiarforedrag på Litteraturhuset i Bergen.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Torsdag 17. august
Kl. 09.45: Statsministeren deltek i opninga av ny terminal ved Bergen lufthavn.

Seinare på dagen besøkjer statsministeren Knarvik. Fleire detaljar følgjer seinare.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.