Statsministerens program veke 33

Statsminister Erna Solberg deltek denne veka mellom anna på fleire arrangement på Arendalsveka.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 14. august
Statsminister Erna Solberg deltek på fleire arrangement under Arendalsveka.

Kl. 09.00: Statsministeren inviterer til pressefrukost om nye utfordringar i arbeidslivet – nye jobbar, mangel på arbeidskraft, inkludering og kompetanse. Stad: Blom restaurant i Pollen i Arendal.

Kl. 11.00: Statsministeren går tur med Frivillighet Norge. Stad: Oppmøte ved Blom restaurant.

Kl. 11.30: Statsministeren besøkjer ungdomskafeen til Kirkens bymisjon. Stad: Torvet 2.

Kl. 12.20: Statsministeren deltek ved nedlegginga av grunnsteinen til nytt fengsel i Froland. Finansminister Siv Jensen, kulturminister Trine Skei Grande og nestleder i KrF, Kjell Ingolf Ropstad, deltek også i besøket. Statsministeren er tilgjengeleg for presse om lag kl. 13.20. Stad: Blakstadheia i Froland.

Kl. 15.00: Statsministeren held Høgres partileiarappell på Kanalplassen i Arendal.

Kl. 21.30: Statsministeren deltek i partileiardebatten som vert sendt frå Arendal kultur- og rådhus.

Pressekontaktar for statsministeren i Arendal er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post rune.alstadsaeter@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Maria Korkunc, telefon 980 93 663, e-post maria.korkunc@smk.dep.no.

Onsdag 15. august
Kl. 11.00: Statsministeren deltek på NHO sin lansering av Næringslivets perspektivmelding, der ho mellom anna møter Jonas Gahr Støre til samtale. Stad: MØR Biffhus, Nedre Tyholmsvei 2.

Pressekontaktar for statsministeren i Arendal er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post rune.alstadsaeter@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Maria Korkunc, telefon 980 93 663, e-post maria.korkunc@smk.dep.no.

Torsdag 16. august
Kl. 11.30: Statsministeren besøkjer Nasjonalforeningen for folkehelsen. Tema for besøket er demens. Stad: Oscars gate 36B i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510, e-post trude.maseide@smk.dep.no.

Fredag 17. august
Kl. 09.40: Statsminister Erna Solberg besøkjer Nordkapp-platået.

Kl. 11.10: Statsministeren besøker sjømatprodusenten Cape Fish, Storbukt Fiskeindustri. Adresse: Nordkappveien 4, Honningsvåg.

Kl. 13.00: Statsministeren deltek på «Arctic Stories 2018», ein NHO-konferanse om berekraftig reiseliv, næringsliv i nord, energi og verdiskaping. Om lag kl. 14.10 taler ho om næring i nord. Stad: MS Nordlys.

Kl. 15.15: Statsministeren besøkjer målområdet til Arctic Race of Norway. Stad: Kjøllefjord.

Kl. 17.15: Statsministeren besøkjer reiselivsbedrifta Nordic Safari på Holmen i Mehamn.

Pressekontaktar i Finnmark er statssekretær Sunniva Ihle Steinstad, telefon 959 77 153, e-post sunniva-ihle.steinstad@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eirin.larsen@smk.dep.no.