Priv. til red.

Statsministerens program veke 34

Denne veka besøkjer statsministeren Løren skole i Oslo ved skulestart, og Bratislava i samband med at Slovakia har overteke EU-formannskapet.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 22. august
Kl. 08.30: Statsminister Erna Solberg og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen besøkjer Løren skole i Oslo i samband med skulestart. Adresse: Økern Torgvei 4.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510. Pressekontakt for kunnskapsministeren er Annbjørg Bakken, telefon 990 09 260.

Tysdag 23. august
Statsministeren besøkjer Bratislava i samband med at Slovakia tok over EU-formannskapet 1. juli.

Statsministeren skal ha politiske samtalar med statsminister Robert Fico, besøkje Tomra sitt produksjons- og distribusjonsanlegg, samt eit krisesenter for kvinner i Slovakia som har fått midlar gjennom eit EØS-program om vald i nære relasjonar.

Presse som ønskjer å delta på besøka i Bratislava må akkreditere seg til smkinfo@smk.dep.no

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Torsdag 25. august
Kl. 10.00: Statsministeren opnar Perspektivkonferansen. Konferansen vert arrangert av stortingsgruppene til Høgre, Framskrittspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre. Stad: Chateau Neuf i Oslo.