Statsministerens program veke 34

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 23. august
Statsminister Erna Solberg besøkjer Tromsø og Alta.

Kl.10.15: Besøk på Mortensnes sjukeheim i Tromsø. Tema er lansering av tryggleikstandard på sjukeheimer. Adresse: Ørneveien 6

Presse som ønskjer å delta på dette besøket må melde ifrå innan søndag 22.august kl.1600 til kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no.

Kl.12.00: Statsministeren deltek på fyrste skuledag på Langnes skule i Tromsø. Adresse: Ørneveien 4

Pressekontakt er statssekretær Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no.

Kl. 16.00: Statsminister Erna Solberg møter politi og kontrolletater i Alta. Temaet for møtet er arbeidslivskriminalitet. Adresse: Scandic hotell, Lokkevegen 61, Alta.

Pressekontakt er statssekretær Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no.

Kl. 17.30: Statsministeren besøker Gargia lodge. Adresse: Gargiavegen 96, Alta.

Pressekontakt er statssekretær Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no.

Onsdag 25. og torsdag 26. august
Regjeringa møtest til budsjettkonferanse på Statsministerens kontor.

Statsminister Erna Solberg, finansminister Jan Tore Sanner, kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad er tilgjengelege for pressa før konferansen, onsdag 25. august om lag kl. 08.40.

Det er ikkje lagt opp til fleire møte med pressa i løpet av budsjettkonferansen.

Presse som ønskjer å vere til stades må ta med pressekort og godkjend legitimasjon. Oppmøte i Glacisgata 1 onsdag 25. august frå kl. 08.00 og innan kl. 08.30.

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.