Historisk arkiv

Statsministerens program veke 35

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Onsdag 26. – torsdag 27. august
Regjeringa møtest til budsjettkonferanse på Statsministerens kontor.

Nett-tv Pressetreff før budsjettkonferansen

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Statsminister Erna Solberg, finansminister Jan Tore Sanner, næringsminister Iselin Nybø og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad er tilgjengelege for pressa før konferansen, onsdag 26. august om lag kl. 08.40.

Det er ikkje lagt opp til fleire møte med pressa i løpet av budsjettkonferansen.

Presse som ønskjer å vere til stades må ta med pressekort og godkjend legitimasjon. Oppmøte i Glacisgata 1 onsdag 26. august frå kl. 08.00 og innan kl. 08.30.

Me har avgrensa tal på plassar til pressa og ber kvar redaksjon om å halde talet på deltakarar på eit minimum. Ved stor pågang kan det bli aktuelt å be presse om å følgje pressebriefen digitalt.

Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for meir informasjon om smittevern.

Statsministerens kontor legg til rette for deling av foto og video. Foto til fri bruk blir publisert på Flickr. Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende pressebriefen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgjande embed-kode: <div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/k7fvkgpt/wowza.js' type='text/javascript'></script>

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.