Statsministerens program veke 36

Statsministeren deltek denne veka mellom anna på Høgres kommunalkonferanse i Trondheim.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 5. september
Kl. 15.00: Statsminister Erna Solberg og samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen deltek på opninga av Follobaneprosjektet og dåpen av Follobanens tunnellboremaskin. Stad: Åsland, Maurtuveien 59, E6 avkøyring 26.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948. Presse som ynskjer å vere til stades, må ta kontakt med kommunikasjonssjef i Follobaneprosjektet Kathrine Kjelland, telefon 913 98 178.

Tysdag 6. september
Kl. 18.30: Statsministeren og kunnskapsministeren er vertskap for regjeringas bankett for vinnarane av Kavliprisen i Oslo rådhus.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Onsdag 7. september
Kl. 10.00: Statsministeren taler ved opninga av regjeringa sin konferanse «Framtidig bruk av havets ressurser» i Stavanger. Konferansen er den tredje av tre planlagde konferansar om grøn omstilling. Les meir om konferansane

Adresse: Clarion Hotel Air, Utsolaarmen 16, Sola.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Torsdag 8. september
Kl. 18.00: Statsministeren deltek ved opninga av velgjerdsarrangementet No Finish Line på Rådhusplassen i Oslo. Fleire detaljar på nettsida til arrangementet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Fredag 9. september
Kl. 10.00: Statsministeren deltek på sentralstyremøte i Høgre i Trondheim.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Kl. 13.00: Statsministeren deltek på Høgres kommunalkonferanse i Trondheim. Konferansen held fram frå fredag til søndag.  Sjå fleire detaljar på Høgres nettside.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Laurdag 10. september
Kl. 16.00: Statsministeren deltek på opninga av Trondheim Pride på Torvet i Trondheim.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Kl. 18.00: Statsministeren deltek på Samfundsmøte på Studentersamfundet i Trondheim.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987. 

Akkreditering til generalforsamlinga i FN
Statsminister Erna Solberg leier Noregs delegasjon til FNs 71. generalforsamling i New York hausten 2016. I tillegg deltek etter planen utanriksminister Børge Brende, helseminister Bent Høie og klima- og miljøminister Vidar Helgesen.

Opninga av generalforsamlinga vert markert med ei veke med toppmøte, frå måndag 19. september til fredag 23. september.

Media som vil dekke generalforsamlinga må ha FN-akkreditering. Fleire detaljar i eiga pressemelding frå Utanriksdepartementet.