Statsministerens program veke 36

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Torsdag 7. september
Kl. 11.00: Statsministeren besøkjer Cefalon. Der møter ho ein tilsett som har hatt hol i CVen. Adresse: Pilestredet 17 (ved Tinghuset).

Kl. 12.15: Statsministeren deltek i utspørjing ved Høgres valkampbod. Karl Johans gate i Oslo.

Kl. 16.00: Statsministeren deltek i 100 timar igjen-kampanjen til Oslo Høgre. Stad: Oslo Camping, Møllergata 12 i Oslo.

Kl. 21.20: Statsministeren deltek på TV2s partileiardebatt i Oslo.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Fredag 8. september
Kl. 10.00: Statsministeren taler på Dysleksi Norge sin fagkonferanse Perspektiv på dysleksi. Adresse: Røde Kors konferansesenter, Hausmannsgate 7 i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Kl. 10.40: Statsministeren besøkjer Manglerud skole, der ho mellom anna møter Filip (10) som har dysleksi, og gründerfirmaet Lydfarge, som jobbar med lese- og skriveopplæring for barn med dysleksi.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Kl. 12.10: Statsministeren deltek i 100 timar igjen-aksjonen saman med Akershus Høgre på Jessheim. Oppmøte: Nordby Barnehage, Nordbyvegen 15, Jessheim.

Kl. 16.00: Statsministeren deltek i 100 timar igjen-aksjonen saman med Hordaland Høgre på Torgallmenningen i Bergen.

Kl. 21.25: Statsministeren deltek på NRKs partileiardebatt i Bergen.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Laurdag 9. september
Kl. 11.45: Statsministeren deltek på valkamparrangement på torget i Sandefjord.

Kl. 13.20: Statsministeren deltek på valkamparrangement på Gullskogen kjøpesenter i Drammen.

Kl. 14.50: Statsministeren deltek på valkamparrangement på Strømmen Storsenter.

Kl. 15.45: Statsministeren deltek på valkamparrangement på Stovner Senter.

Kl. 16.45: Statsministeren deltek på Mortensrudfestivalen på kunstgrasbanen bak Senter Syd.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Søndag 10. september
Kl. 12.35: Statsminister Erna Solberg besøkjer Ullerud Helsebygg i Drøbak. Adresse: Ullerudveien 28.

Kl. 14.10: Statsministeren går tur ved Sognsvann. (Atterhald om dårleg ver.)

Kl. 17.45: Statsministeren møter Unge Høyre på Høyres Hus i Bergen, og deltek i «100-timer igjen»-aksjonen saman med Unge Høyre.

Kl. 21.00: Statsministeren går husbesøk i Fana i Bergen. Adresse: Fana, Sanddalsringen nr. 112 og vidare ut.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Måndag 11. september
Om lag kl. 10.30: Statsminister Erna Solberg kjem til Apeltun skole på føremiddagen for å røyste ved stortingsvalet 2017. Adresse: Apeltunvegen 94, Bergen.

Ein fotopool med NTB scanpix, NRK, TV 2, BA og BT kan vere med inn i vallokalet. Oppmøte seinast kl. 10.15.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Maria Korkunc, telefon 980 93 663.