Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsministerens program veke 36

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 2. og tysdag 3. september
Statsministeren er på valkampreise i Tromsø, Bodø, Ålesund, Karmøy, Haugesund og Kristiansand.

Pressekontaktar på reisa er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post ral@smk.dep.no og politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 907 06 696, e-post pwe@smk.dep.no.

Måndag 2. september
Kl. 10.15: Statsminister Erna Solberg og samfunnssikkerheitsminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde besøkjer Tromsø lufthavn, der dei får ei orientering om redningshelikopterberedskapen i Nord-Noreg. Besøket går føre seg inne på flyplassområdet og presse som ønskjer å delta må melde seg på til smkinfo@smk.dep.no innan måndag morgon kl. 08.30.

Pressekontakt for samfunnssikkerheitsministeren er kommunikasjonsrådgivar Guttorm Aanes, telefon 993 84 438, e-post guttorm.aanes@jd.dep.no.

Kl. 12.15: Statsministeren deltek på eit valkamparrangement på Jekta storsenter i Tromsø.

Kl. 15.15: Statsministeren besøkjer stiftinga FIRST Scandinavia i Bodø. Dei jobbar med å stimulere barn og unges interesse for realfag. Besøket går føre seg på Newton Flight Academy i Børtindgata 35 A i Bodø.

Kl. 16.00: Statsminister Erna Solberg og samferdselsminister Jon Georg Dale besøkjer Mind-senteret, som blant anna jobbar med trafikktryggleik blant unge. Stad: Bratten aktivitetspark, Bodø.

Kl. 20.30: Statsministeren er i Ålesund, der ho deltek på studentkveld på utestaden Brooklyn. Adresse: Keisers Wilhelsmgate 24/26, Ålesund.

Tysdag 3. september
Kl. 08.40: Statsministeren besøkjer Fagskolen i Ålesund, der ho får ei orientering om samarbeidet med næringslivet. Adresse: Fogd Greves veg 9, Ålesund.

Kl. 11.50: Statsministeren besøkjer Marine Aluminium på Avaldsnes på Karmøy. Bedrifta leverer aluminiumsprodukt til blant anna havvindprosjekt. Adresse: Husøyveien. 165, Avaldsnes.

Kl. 12.55: Statsministeren besøkjer Skåredalen skole i Haugesund. Adresse: Tømmerdalen 15, Haugesund.

Kl. 15.40: Statsministeren besøkjer Sukkevann idrettsanlegg i Kristiansand, der ho skal spele fotball med idrettslaget. Adresse: Dvergsnesveien 27, Kristiansand.

Kl. 16.35: Statsministeren besøkjer eit anleggsområde på E39 vest for Kristiansand, der ho får ei orientering om utbygginga og status for Nye Veier. Oppmøte ved avkjørselen Mjåvann. Kontaktperson i Nye Veier er kommunikasjonsrådgivar Nils Bernt Rinde, telefon 958 18 472.

Kl. 19.50: Statsministeren deltek på arrangementet Strikk, drikk og politikk på Skatten på Tøyen i Oslo. Adresse: Hagegata 24, Oslo.

Onsdag 4. september
Om kvelden deltek statsministeren i TV2s partileiardebatt på Media City i Bergen.

Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post ral@smk.dep.no.

Fredag 6. september
Om kvelden deltek statsministeren i NRKs partileiardebatt på Studentersamfundet i Trondheim.

Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post ral@smk.dep.no.

Til toppen