Historisk arkiv

Statsministerens program veke 36

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 31. august

Kl. 10.30: Statsminister Erna Solberg er til stades på lanseringa av NHOs vegkart for framtidas næringsliv, der ho mellom anna skal delta i ein partileiardebatt om jobbskaping, klima og berekraft. Stad: Deichman Bjørvika, Anne-Cath. Vestlys plass 1, Oslo.

Arrangementet er digitalt og kan følgjast på NHO sine sider.

Presse som ønskjer å vere til stades på arrangementet må melde seg på til pressekontakt Eva-Charlotte Stenset i NHO, telefon 99 26 25 75, e-post eva@nho.no. Frist for påmelding er måndag 31. august kl. 09.30.

Pressekontakt for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no.

Tysdag 1. september

Kl. 09.00: Statsminister Erna Solberg, justis- og beredskapsminister Monica Mæland og forsvarsminister Frank Bakke-Jensen deltek på ei markering på Sola flystasjon i samband med at dei nye redningshelikoptera AW101 blir tekne i bruk. Arrangementet går føre seg i ein hangar inne på flystasjonen og er kun ope for inviterte gjestar. Det blir også ein flytur med dei nye helikoptera, der ein avgrensa pool av fotografar får delta. Desse må dele foto med øvrige redaksjonar.

Pressekontaktar for statsministeren:
Statssekretær Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Pressekontakt for justis- og beredskapsministeren:
Kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post andreas.bondevik@jd.dep.no.

Pressekontakt for forsvarsministeren:
Politisk rådgivar Johannes Utvåg, telefon 99 41 58 33, e-post johannes.utvag@fd.dep.no.

Tysdag 1. og onsdag 2. september

Statsministeren besøkjer Trøndelag og Innlandet.

Tysdag 1. september ser programmet slik ut:

Kl. 14.20: Statsministeren er i Trondheim, der ho får ei orientering om Vy og ATB sitt prøveprosjekt med sjølvkøyrande buss. Statsministeren får også vere med på tur med den sjølvkøyrande bussen. Oppmøte for presse kl. 14 ved hovudinngangen til Trondheim Spektrum. Adresse: Klostergata 90.

Kl. 17.20: Statsministeren er på Oppdal, der ho besøkjer bedrifta Elotec AS. Bedrifta produserer alarm- og overvakingsutstyr. Stad: Søndre Industrivegen 3, Oppdal.

Kl. 19.30: Statsministeren besøkjer DNT-hytta Snøheim på Dovre, der ho skal ha eit møte med DNT og reiselivsaktørar i Trøndelag og Nord-Gudbrandsdal. På møtet vil statsministeren få ei orientering om årets reiselivssesong og korleis den har blitt påverka av koronasituasjonen. Desse deltek på møtet: Trøndelag Reiseliv, Rørosmuseet, Britannia Hotel, Stokkøya Sjøsenter og Strandhotell, Oppdal Safari, Nasjonalparkriket, Funkibator, Gjendeguiden/Besseggenpatruljen, Billingen Seterpensjonat, Smuksjøseter fjellstue og DNT.

Presse som ønskjer å delta på møtet på Snøheim må gi beskjed om dette på e-post til arvid.samland@smk.dep.no innan måndag 31. august kl. 12. Dei som vil delta på møtet må også overnatte på Snøheim.

Onsdag 2. september ser programmet slik ut:

Kl. 09.40: Statsministeren møter Norsk Villreinsenter og får ein guida tur opp til Viewpoint Snøhetta. Presse som ønskjer å delta på turen kan møte opp på parkeringsplassen ved Viewpoint seinast kl. 09.20.

Kl. 12.00: Statsministeren besøkjer Lesja Bulldozerlag, der ho får ei orientering om drifta. Stad: Åsenveien, Lesja.

Kl. 13.05: Statsministeren besøkjer Avdemsbue på Lesja, som nyleg blei tildelt Mangfoldsprisen i Innlandet. Adresse: Romsdalsvegen 1706.

Kl. 17.00: Statsministeren deltek på opninga av Læringsfabrikken på Raufoss. Læringsfabrikken er eit samarbeid mellom vidaregåande skule, Fagskolen i Innlandet og industrimiljøet på Raufoss. Målet er å skape eit utdanningsløp som er tilpassa industriens behov.

Arrangementet går føre seg i bygning 5 i Raufoss Industripark. Presse som ønskjer å delta på arrangementet må melde seg på til tove@krudtverket.no innan onsdag 2. september kl. 12.

Pressekontaktar på besøket til Trøndelag og Innlandet er statssekretær Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Torsdag 3. september

Kl. 09.00: Statsminister Erna Solberg, barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad og kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby inviterer til pressekonferanse for barn om korona, i samarbeid med NRK Supernytt.

Pressekonferansen går føre seg på Statsministerens kontor. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Fredag 4. september

Kl. 14.00: Statsministeren leier eit møte i regjeringa sitt digitaliseringsutval. Møtet går føre seg på Statsministerens kontor.

Laurdag 5. september

Kl. 10.00: Statsministerens deltek på Høgres kommunalkonferanse i Bergen.

Kl. 13.00: Statsministeren besøkjer Bergen matfestival på Festplassen i Bergen.

Pressekontakt er politisk rådgivar Hannah Sumeja Atic, telefon 93 26 13 98, e-post hsat@smk.dep.no.

Tysdag 8.september

Statsminister Erna Solberg og forsvarsminister Frank Bakke-Jensen er på offisielt besøk i Litauen. Dei skal besøkje den norske styrken som er ein del av Noregs bidrag til NATOs nærvær i Litauen (Efp).

Statsministeren skal også ha møte med statsminister Saulius Skvernelis og president Gitanas Nauseda, samt andre politiske møte.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no

Pressekontakt for forsvarsministeren er kommunikasjonsrådgivar Marita I. Wangberg, telefon 90 51 23 19, e-post miw@fd.dep.no.

For spørsmål om det norske styrkebidraget i Litauen: Pressekontakt i Hæren, Preben Aursand, telefon 47 79 05 01, e-post aursand@army.no.

 For akkreditering kontakt Ida Dahl Nilssen, idn@smk.dep.no innan tysdag 1. september.

Me gjer merksam på at endringar i smittesituasjonen kan få konsekvensar for den planlagde reisa.