Statsministerens program veke 37

Statsminister Erna Solberg besøkjer denne veka mellom anna Sør-Trøndelag, Hordaland og Østfold.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 8. september
Statsminister Erna Solberg besøkjer Sør-Trøndelag.

Kl. 12.30: Statsminister Erna Solberg taler på Manifestasjon 2015 i regi av Næringsforeininga i Trondheimsregionen. Stad: Clarion Hotel og Congress Trondheim.

Pressekontakt er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181.

Onsdag 9. september
Statsministeren besøkjer Hordaland.

Kl. 09.00: Statsministeren deltek på konferansen «Go Campus! Slik bygger og sikrar vi unge til framtidas kunnskapssamfunn» i regi av Rådet for psykisk helse. Stad: Litteraturhuset i Bergen.

Kl. 11.00: Statsministeren opnar nye Ulsmåg skole på Nesttun i Bergen.

Pressekontakt er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181 og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Torsdag 10. september
Kl. 22.00: Statsministeren deltek i partileiardebatten på TV2 i Oslo. 

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Fredag 11. september
Statsministeren besøkjer Østfold. 

Pressekontakt er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181.

Kl. 21.25: Statsministeren deltek i partileiardebatten på NRK i Fredrikstad.

Pressekontakt er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181.

Onsdag 16. september
Statsministeren besøkjer Berlin, der ho blant anna skal delta på konferansen «G7 Forum for Dialogue with Women». Forbundskanslar Angela Merkel er vertskap for konferansen. Statsministeren møter også Angela Merkel og finansminister Wolfgang Schäuble til bilaterale samtalar.

Pressefolk som ønskjer å delta på reisa kan kontakta kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Fredag 25. september
Statsminister Erna Solberg leiar Noregs delegasjon til FNs 70. generalforsamling i New York. Vi minner om fristen for akkreditering: 9. september. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.