Historisk arkiv

Statsministerens program veke 37

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Fredag 6. september
Kl. 16.00: Statsministeren deltek på eit valkamparrangement på Trondheim sentralstasjon.

Kl. 21.20: Statsministeren deltek i NRKs partileiardebatt på Studentersamfundet i Trondheim. Adresse: Elgsetergate 1.

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post ral@smk.dep.no og politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 907 06 696, e-post pwe@smk.dep.no.

Laurdag 7. september
Kl. 11.20: Statsministeren deltek på eit valkamparrangement på Lillestrøm torg.

Statsministeren reiser med tog frå Lillestrøm til Oslo. Og deretter frå Oslo til Drammen. Ta kontakt med politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth for detaljar.

Kl. 12.30: Statsministeren deltek på eit valkamparrangement ved Høgres valbod i Spikersuppa i Oslo sentrum.

Kl. 14.02: Statsministeren kjem til Drammen stasjon med tog for å delta på eit valkamparrangement ved Høgre sin stand på Bragernes torg. Om lag kl. 15.10 går statsministeren husbesøk i området.

Kl. 16.10: Statsministeren deltek på eit valkamparrangement på kjøpesenteret CC Vest i Oslo.

Pressekontakt er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 907 06 696, e-post pwe@smk.dep.no.

Søndag 8. september
Kl. 12.00: Statsministeren deltek på eit valkamparrangement på Ulrikken i regi av Bergen Høgre. Om lag kl. 13.30 deltek ho på eit arrangement på Skansen i Bergen.

Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post ral@smk.dep.no.

Måndag 9. september
Kl. 10.30: Statsminister Erna Solberg kjem til Skjold skole i Bergen for å stemme ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019. Adresse: Fanavegen 59, Rådal.

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510, e-post tm@smk.dep.no.

Tysdag 10. september
Kl. 14.00: Statsministeren inviterer til ope hus i regjeringas representasjonanlegg i Parkveien 45 i samband med markeringa av verdsdagen for førebygging av sjølvmord. Det er invitert om lag 150 deltakarar, etter ei ope påmelding på statsministerens Facebook-side. Arrangementet er fullteikna. Det blir gode samtalar, kaffe, musikk og nokon som vil seie nokre ord i ei uformell ramme.

Arrangementet vert overført på regjeringa.no frå kl. 15.00.

Dørene opnar kl. 13.30. Oppmøte for pressefolk i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 14.30. Ta med pressekort og gyldig legitimasjon.

Pressekontaktar er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948, e-post ano@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 919 19 893, e-post ksg@smk.dep.no.

Onsdag 11. september
Kl. 15.25 (norsk tid): Finlands president Sauli Niinistö har invitert statsminister Erna Solberg og Sveriges statsminister Stefan Löfven til uformelle samtalar om saker av felles interesse. Møte og middag tek plass i sumarresidensen til presidenten i Guldranda i Finland. Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen og samfunnssikkerheitsminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde deltek også i samtalene.

Torsdag 12. september
Ca. kl. 16.00: Statsministeren leier eit møte i regjeringa sitt digitaliseringsutval, på Statsministerens kontor.