Historisk arkiv

Statsministerens program veke 37

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Laurdag 5. september
Kl. 10.00: Statsministerens deltek på Høgres kommunalkonferanse i Bergen. Stad: Scandic Hotel Flesland.

Kl. 13.00: Statsministeren besøkjer Bergen matfestival på Festplassen i Bergen.

Pressekontakt er politisk rådgivar Hannah Sumeja Atic, telefon 93 26 13 98, e-post hsat@smk.dep.no.

Søndag 6. september
Kl. 12.30: Statsministeren deltek på strandrydding på Nordre Rotøyna. Avreise med båt frå kaia til Askøy Seilforening, Friluftsvegen 63.

Pressekontakt for statsministeren er politisk rådgivar Hannah Sumeja Atic, telefon 93 26 13 98, e-post hsat@smk.dep.no

Måndag 7. september
Kl. 11.00: Statsminister Erna Solberg møter tre elevar frå Møre ungdomsskule. Dei har vunne konkurransen «Lag din egen lunsj - oppdrag kostråd» - ein konkurranse for elevar i 8.-10. klasse. Stad: Statsministerens kontor.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.

Tysdag 8.september
Statsminister Erna Solberg og forsvarsminister Frank Bakke-Jensen er på offisielt besøk i Litauen. Dei skal besøkje den norske styrken som er ein del av Noregs bidrag til NATOs nærvær i Litauen (Efp).

Statsministeren skal også ha møte med statsminister Saulius Skvernelis og president Gitanas Nauseda, samt andre politiske møte.

Pressekontaktar for statsministeren er politisk rådgivar Hannah Sumeja Atic, telefon 93 26 13 98, e-post hsat@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no.

Pressekontakt for forsvarsministeren er kommunikasjonsrådgivar Marita I. Wangberg, telefon 90 51 23 19, e-post miw@fd.dep.no.

For spørsmål om det norske styrkebidraget i Litauen: Pressekontakt i Hæren, Preben Aursand, telefon 47 79 05 01, e-post aursand@army.no.

Akkrediteringsfristen er gått ut.

Me gjer merksam på at endringar i smittesituasjonen kan få konsekvensar for den planlagde reisa.

Onsdag 9. september
Kl. 08.30: Statsministeren og Høgres generalsekretær inviterer til pressefrukost i samband med Høgres landsmøte.

Påmelding til joachim.svendsen@stortinget.no. Stad: Høyres Hus, 2. etasje, Stortingsgata 20. Inngang ved Amundsen Spiseri i Roald Amundsens gate.

Pressekontakt for statsministerens er statssekretær Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no.

Torsdag 10. september
Kl. 16.00: Statsminister Erna Solberg og helse- og omsorgsminister Bent Høie inviterer til digitalt ope hus i samband med verdsdagen for psykisk helse, i samarbeid med LEVE – Landsforeningen for etterlatte ved selvmord. Bent Høie vil presentere regjeringas nye handlingsplan for førebygging av sjølvmord.

Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45, Oslo. Ope hus vert overført på regjeringa.no. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Fredag 11. september
Kl. 12.00: Statsministeren taler til Høgres landsmøte fredag 11. september rett etter opninga av landsmøtet. Stad: Thon Congress Gardermoen.

Sjå fleire detaljar på nettsidene til Høgre.

Pressekontakt for statsministeren er statssekretær Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no.

Lørdag 12. september
Statsminister Erna Solberg deltek på sentralstyremøte i Høgre.