Statsministerens program veke 38

Statsministeren avlegger si stemme i kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015 i Bergen.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 14. september
Kl. 11.00: Statsminister Erna Solberg kjem til Apeltunhallen i Bergen for å stemma ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015. Oppmøte for journalistar seinast kl. 10.40. Stad: Apeltunveien 98, Bergen. Kart.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419.

Onsdag 16. september
Statsministeren besøkjer Berlin, der ho blant anna skal delta på konferansen «G7 Forum for Dialogue with Women» om kvinner, entreprenørskap og yrkesutdanning. Forbundskanslar Angela Merkel er vertskap for konferansen. Statsministeren møter også Angela Merkel og finansminister Wolfgang Schäuble til bilaterale samtalar.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Fredag 18. september
Kl. 13.00: Statsministeren deltek på sentralstyremøte i Høgre.

Kl. 15.00: Statsministeren møter leiaren av Kommisjonen for Den afrikanske union, Nkosazana Dlamini-Zuma, på Statsministerens kontor.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Hanne Tenfjord Skodje, telefon 932 62 087.