Statsministerens program veke 38

Statsminister Erna Solberg leier denne veka Noregs delegasjon til FNs 72. generalforsamling i New York.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 18. september – onsdag 20. september
Statsminister Erna Solberg leier Noregs delegasjon til FNs 72. generalforsamling i New York. Sjå eiga pressemelding for detaljar om statsministerens program.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Laurdag 23. september
Kl. 09.15: Statsministeren besøkjer klatreparken Høyt & Lavt Bergen i samband med 10-årsmarkeringa til Aktiv mot kreft. Adresse: Osvegen 141, Nesttun.

Kl. 13.30: Statsministeren besøkjer Samvirkesenteret, som overvaker og sikrar effektiv handtering av situasjonar som oppstår under avviklinga av Sykkel-VM i Bergen. Adresse: Bergen rådhus.

Ca. 14.05: Statsministeren er til stades på verdsmeisterskapen i sykkel i Bergen (Festplassen). Om kvelden er ho til stades på ordførarens middag i Håkonshallen i samband med Sykkel-VM.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Maria Korkunc, telefon 980 93 663.