Statsministerens program veke 38

Statsministeren program veke 38

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 17. september
Statsminister Erna Solberg og olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg besøkjer Lysebotn, der dei deltek på den offisielle opninga av kraftverket Lysebotn 2.

Kl. 09.55: Statsministeren og olje- og energiministeren møter Energi Norge, der dei får presentert Energi Norges visjon om at Noreg skal ta ei global leiarrolle som det første fornybare og fullelektriske samfunn i verda. Møtet går føre seg i Lyses administrasjonsbygg i Lysebotn.

Kl. 11.15: Statsministeren står for den offisielle opninga av Lysebotn 2-kraftverket. Presse som ønskjer å delta på opninga kan ta kontakt med Kristin Støle Kalgraff i Lyse, telefon 934 88 432, e-post kskalgraff@lyse.no.

Kl. 16.10: Statsministeren besøkjer Espevær på Bømlo, der ho blant anna besøkjer Espevær Røykeri og møter lokalt næringsliv på Gamleposten restaurant.

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post rune.alstadsaeter@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post arvid.samland@smk.dep.no.

Tysdag 18. september
Kl. 12.00: Statsminister Erna Solberg og forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø besøkjer Norges Handelshøyskole i Bergen. Solberg og Nybø får blant anna ei orientering om den planlagte rehabiliteringa av NHHs signalbygg. Adresse: Helleveien 30.

Kl. 13.00: Statsministeren besøkjer Langhaugen videregående skole i Bergen, der ho deltek i ein omvendt skuletime saman med Unge Høgre. Adresse: Hagerups vei 17.

Kl. 14.40: Statsministeren deltek på arrangementet Sysla Live i Grieghallen, der ho skal delta i ein samtale om hav og framtidig verdiskaping.

Kl. 18.00: Statsministeren deltek på opninga av trappestien Oppstemten, som er bygd i samband med Bergen Skog og Træplantingsselskaps 150-årsjubileum. Opninga går føre seg ved øvre del av trappestien, like ved toppen av Ulriken. Det kan bli endringar ved dårleg vêr.

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post rune.alstadsaeter@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post arvid.samland@smk.dep.no.

Onsdag 19. september
Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg og kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner taler på opninga av den nasjonale integreringskonferansen på Edderkoppen Scene i Oslo. Adresse: St. Olavs Plass 1.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Maria Korkunc, telefon 980 93 663, e-post maria.korkunc@smk.dep.no.

Kl. 12.30: Statsministeren besøkjer ein kombinasjonsklasse ved Malakoff videregående skole i Moss. Temaet er skole og integrering. Adresse: Dyreveien 9, Moss.

Kl. 14.30: Statsministeren besøkjer Sleipner Motor i Fredrikstad. Adresse: Arne Svendsens gate 6, Fredrikstad.

Kl. 16.00: Statsministeren besøkjer fiskebedriftene Fjordfisk og Egersund Trål på Hvaler. Adresse: Utgårdskilen 4, Vesterøy.

Kl. 17.30: Statsministeren møter lokalt næringsliv i Sjøbua på Hvaler. Adresse: Torvet 12, Skjærhalden.

Pressekontaktar er statssekretær Sunniva Ihle Steinstad, telefon 959 77153, e-post sis@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eirin.larsen@smk.dep.no.

Torsdag 20. september
Kl. 11.00: Statsministeren deltek ved opninga av arrangementet No Finish Line på Rådhusplassen i Oslo. Fleire detaljar på nettsida til arrangementet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eirin.larsen@smk.dep.no.

Søndag 23. september – torsdag 27. september
Statsminister Erna Solberg leier Noregs delegasjon til FNs 73. generalforsamling i New York.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510, e-post trude.maseide@smk.dep.no.

Til toppen