Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsministerens program veke 38

(Programmet er oppdatert 18.09.19 kl. 14.15 med Abbas-møte 19. september kl. 19.30.)

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 16. september
Kl. 14.00: Statsminister Erna Solberg deltek på opninga av Construction Citys nye testlab på Ulven i Oslo. Construction City er ei næringsklynge for bygg-, anlegg- og eigedomsbransjen. Adresse: Ulvenveien 82E.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post [email protected].

Tysdag 17. september
Kl. 09.00: Statsministeren deltek på Bergen næringsråds konferanse The Ocean i Bergen. Konferansen er ein ny arena for deling av kunnskap, samarbeid og utvikling av teknologi på tvers av havbaserte næringar. Statsministeren taler om lag kl. 09.10, og deltek deretter i samtale på scenen. Adresse: Radisson Blu Royal Hotel, Dreggsallmenningen 1.

Kl. 12.00: Statsministeren besøkjer StormGeo, som leverer meteorologiske tenester. Adresse: Nedre Nøstekaien 1, Bergen.

Kl. 12.55: Statsministeren får ei omvising hjå industrilaboratoriet (ILAB) på Marineholmen. Adresse: Thormøhlens gate 41, Bergen.

Kl. 13.30: Statsministeren og olje- og energiministeren inviterer til toppmøte om havvind, der dei saman med næringsliv, kunnskapsmiljø og miljøorganisasjonar skal diskutere Noreg sin posisjon i den veksande havvindmarknaden.

Møtet går føre seg på Marineholmen Forskningspark i Bergen. Adresse: Thormøhlens gate 41.

Pressekontaktar i Bergen er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510, e-post [email protected] og kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post [email protected].

Onsdag 18. september
Kl. 13.45: Statsministeren er til stades på opninga av kraftverket Vamma 12 i Østfold. Adresse: Vammafossen 100, Skiptvet.  

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post [email protected].

Kl. 17.30: Statsministeren er til stades på opninga av det nye museumsbygget The Twist på Kistefos Museum. Adresse: Samsmoveien 41, Jevnaker.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post [email protected].

Torsdag 19. september
Kl. 19.30: Statsminister Erna Solberg er vertskap for ein middag for palestinarane sin president Mahmoud Abbas. Middagen går føre seg i statsministerbustaden i Inkognitogata 18.

Før arbeidsmiddagen startar, er det lagt opp til eit kort pressetilgjenge ute.

Presse som ønskjer å vere til stades må melde seg på til [email protected] innan 19. september kl. 12.00.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987, e-post [email protected].

FNs generalforsamling
Statsminister Erna Solberg leier Noregs delegasjon til FNs 74. generalforsamling i New York hausten 2019. Generalforsamlinga vert innleia med ei høgnivåveke frå 21. september. Akkrediteringsfristen for presse er gått ut.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510, e-post [email protected].

Til toppen