Historisk arkiv

Statsministerens program veke 38

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Søndag 19. – onsdag 22. september
Statsminister Erna Solberg leiar Noregs delegasjon til FNs 76. generalforsamling i New York. Utanriksminister Ine Eriksen Søreide vil vere med på generalforsamlinga litt lenger enn statsministeren.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.

Pressekontakt for utanriksministeren er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 95 72 65 10, e-post trude.maseide@mfa.no.

Laurdag 25. september
Kl. 19.00: Statsministeren deltek på Stortingets avslutningsmiddag for stortingsrepresentantane og medlemar av regjeringa i Oslo rådhus.