Historisk arkiv

Statsministerens program veke 39

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Søndag 20. september
Kl. 16.00: Statsminister Erna Solberg deltek på eit digitalt møte med FNs pådrivargruppe for berekraftmåla og generalsekretær António Guterres.

Måndag 21. september
Kl. 13.00: Statsministeren taler på UN Global Compacts Private Sector Forum, som inngår i FNs høgnivåveke.

Kl. 15.30: Statsministeren deltek på ein digital rundebordkonferanse om hav (CEO Roundtables on Oceans – UN Global Compact), i samband med FNs generalforsamling.

Tysdag 22. september
Kl. 13.00: Statsministeren deltek ved utdelinga av 14. augustkomiteens brubyggjarpris til generaldirektøren i Verdens helseorganisasjon, Dr. Tedros Adhanom Ghebreyesus, på Grand Hotel i Oslo.

Kl. 14.00: Pressemøte om FNs høgnivåveke (UNGA 75). Statsminister Erna Solberg deltek saman med utanriksminister Ine Eriksen Søreide og utviklingsminister Dag-Inge Ulstein. Stad: Regjeringas representasjonsanlegg i Parkveien 45, Oslo.

Dei tre går deretter til Utanriksdepartementet for å delta i den digitale høgnivåveka. Høve for foto ved start. Akkreditering til media@mfa.no.

Ca. kl. 18.30: Statsministeren og utanriksministeren er tilgjengelege for presse for kommentarar etter opninga av FNs generaldebatt. Stad: Utanriksdepartementet.

Pressekontakt for statsministeren er fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.

Pressekontakt for utanriksministeren og utviklingsministeren er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 95 72 65 10, e-post trude.maseide@mfa.no.

Onsdag 23. september
Kl. 09.15: Statsminister Erna Solberg, kultur- og likestillingsminister Abid Raja, kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad inviterer til lansering av ein handlingsplan mot diskriminering av og hat mot muslimar.

Stad: Marmorhallen, Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 20, Oslo.

Påmelding til smkinfo@smk.dep.no innan tysdag 22. september kl.12.00. Ta med gyldig pressekort og ID.

Pressekontaktar for statsministeren er politisk rådgivar Hannah Sumeja Atic, telefon 93 26 13 98, e-post hsat@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Torsdag 24. september
Kl. 09.00: Statsministeren deltek på eit seminar om openheit i regi av Pressens offentlighetsutvalg på Sentralen i Oslo.

Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Andreas Bjørklund, telefon 41 28 69 11, e-post abj@smk.dep.no.

Kl. 15.00: Statsministeren deltek på høgnivålanseringa av FACTI (Financial Accountability, Transparency & Integrity) sin interimrapport om innsats mot ulovleg kapitalflyt.

Fredag 25. september
Kl. 18.00: Statsministeren deltek på eit videomøte i regi av Every Women Every Child, som lanserer ein rapport om helse for kvinner, barn og unge.