Historisk arkiv

Statsministerens program veke 39

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Tysdag 28. september
Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg, utanriksminister Ine Eriksen Søreide, justis- og beredskapsminister Monica Mæland og forsvarsminister Frank Bakke-Jensen deltek på regjeringas takkearrangement etter evakueringa frå Afghanistan. Arrangementet er på Akershus slott.

Regjeringa ynskjer å takke dei som bidrog til å evakuere over 1 100 personar frå Kabul i slutten av august. I ein situasjon som var kaotisk, uoversiktleg og farleg gjennomførte dei ein av våre vanskelegaste evakueringsoperasjoner nokon sinne.

Arrangementet er ikkje opent for pressa.

Det vil vere ein pressetilgjengelegheit med statsministeren og statsrådane utanfor Akershus slott rett etter at arrangementet er ferdig.

Pressefolk som ønskjer å delta må melde seg på til kommunikasjonsrådgivar Helene Megaard, e-post: hem@smk.dep.no.

Oppmøte kl. 11.00 utanfor Akershus slott.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Helene Megaard, telefon 98 83 62 99.

Pressekontakt for utanriksministeren er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 95 72 65 10.

Pressekontakt for forsvarsministeren er kommunikasjonsrådgivar Lars Gjemble, telefon 90 97 38 91.

Pressekontakt for justis- og beredskapsministeren er pressevakta, telefon 97 55 37 45.

Onsdag 29. september
Kl. 14.00: Statsministeren deltek på opninga av tilbygget MINO ved Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter. Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby og kultur- og likestillingsminister Abid Raja vil også vere til stades. Adresse: Villa Grande, Huk aveny 56, Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Helene Megaard, telefon 98 83 62 99, e-post hem@smk.dep.no.