Statsministerens program veke 4

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg skal denne veka ha fleire møte i Brussel, og ho deltek på konferansen Arctic Frontiers i Tromsø.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 19. januar
Kl. 09.00: Statsminister Erna Solberg deltek på Felleskonferansen til Høgre. Stad: Radisson Blu Scandinavia Hotel i Oslo.

Kl. 11.30: Statsministeren deltek på sentralstyremøte i Høgre. Stad: Radisson Blu Scandinavia Hotel i Oslo.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Tysdag 20. januar
Kl. 09.45: Statsministeren deltek på konferansen Arctic Frontiers i Tromsø.

Saman med Finlands statsminister, Alexander Stubb, og Sveriges minister for strategisk utvikling og nordisk samarbeid, Kristina Persson, tek Erna Solberg i mot rapporten Sustainable Economic Growth in the North. Stubb, Persson og Solberg, er tilgjengelege for presse om lag kl. 10:50. Stad: Universitetet i Tromsø (UiT), teorifagbygget.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Rolf-Erik Tveten, telefon 920 49 543 og kommunikasjonsrådgivar Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419. 

Onsdag 21. januar
Statsminister Erna Solberg og statsråd Vidar Helgesen besøkjer Brussel. Programmet inkluderer møte med rådspresident Donald Tusk, kommisjonens president Jean-Claude Juncker og parlamentspresident Martin Schulz. Statsministeren vil òg ha eit møte med NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Torsdag 22. – laurdag 24. januar
Statsministeren deltek på World Economic Forum 2015 i Davos.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonssjef Tor Borgersen, telefon 909 38 987.