Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsministerens program veke 4

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Tysdag 21. januar
Kl. 11.00: Statsminister Erna Solberg taler på Arctic Entrepreneur 2020. Konferansen blir arrangert av Maskinentreprenørenes Forbund og går føre seg på The Qube på Gardermoen. Adresse: Hans Gaarders veg 15.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post [email protected].

Fredag 24. januar
Kl. 14.30: Statsministeren besøkjer Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret), i samband med markeringa av at det er 75 år sidan frigjeringa av Auschwitz-Birkenau. På HL-senteret møter statsministeren representantar for fleire generasjonar jødar og rom, mellom anna tidsvitne frå andre verdskrig. Adresse: Huk Aveny 56.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post [email protected].

Laurdag 25. januar
Kl. 15.00: Statsministeren besøkjer Joa gard i Rogaland, der bonde Arne Joa driv med mjølkekyr, høns og agurk. Adresse: Joavegen 142, Sola.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 90 97 32 66, e-post [email protected].

Tysdag 25. – onsdag 26. februar
Statsministeren besøkjer Longyearbyen 25. og 26. februar.

Frøkvelvet på Svalbard er verdas største lager for trygg og sikker langtidslagring av frø. Lageret skal sikre matforsyninga for framtidige generasjonar, og 25. februar skjer den største deponeringa av frø sidan opninga av lageret i 2008.

Statsministeren deltek saman med representantar frå FNs pådrivargruppe for berekraftmåla. Statsministeren leier denne gruppa saman med presidenten i Ghana.

26. februar skal statsministeren delta på ein båttur som kjem til å handle om klimaendringane.

Presse som ønskjer å vere med til Svalbard, må akkreditere seg her.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post [email protected].

 

Til toppen