Priv. til red.:

Statsministerens program veke 4

Statsministeren besøkjer denne veka Tromsø, Alta og Davos.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 20. januar
Kl. 21.30: Statsminister Erna Solberg har møte med sametingspresident Aili Keskitalo på Rica Ishavshotel i Tromsø.

Pressekontaktar for statsministeren er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543 og kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, mobil 909 38 987.

Tysdag 21. januar
Kl. 08.00: Frukostmøte med Grønlands landsstyreformann Aleqa Hammond. Det er mogleg å fotografera ved starten av møtet. Stad: Radisson Blu Hotel Tromsø.

Kl. 09.00: Statsministeren talar på konferansen Arctic Frontiers i Tromsø. Stad: Universitetet i Tromsø (UiT), teorifagbygget. Statsministeren er tilgjengeleg for presse utanfor møtesalen om lag kl. 09.30.

Kl. 11.45: Statsministeren besøkjer Alta vidaregåande skule. Møte med kjemi- og fysikkelevar, og orientering om satsing på realfag, samarbeid med UiT og næringsliv, strømming av realfag og distribuert opplæring. Stad: Alta vidaregåande skule i Skoleveien 15.

Kl. 12.40: Statsministeren besøkjer Sandfallet ungdomsskule. Orientering om skulens tiltak mot fråfall i vidaregåande skule og møte med lærarar på 5. trinn frå området som skal delta på nasjonal etterutdanning. Stad: Sandfallveien 30 i Alta.

Kl. 13.40: Statsministeren besøkjer North Energy. Orientering om elevar frå Alta vidaregåande skule som får hospitere i bedrifter og erfare korleis realfag fungerer i praksis. Stad: Kunnskapsparken, Markveien 38B i Alta.

Kl. 14.20: Statsministeren spiser lunsj og snakkar med altaværingar på Cafe Du verden, Stad: Markedsgata 21 i Alta.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543 og kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, mobil 909 38 987.

Torsdag 23. og fredag 24. januar
Statsministeren deltek på World Economic Forum 2014 i Davos.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.