Statsministerens program veke 40

Statsminister Erna Solberg leiar denne veka Noregs delegasjon til FNs 70. generalforsamling i New York.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Fredag 25. – onsdag 30. september
Statsminister Erna Solberg leiar Noregs delegasjon til FNs 70. generalforsamling i New York. Dette er utdrag frå programmet, og det kan bli endringar undervegs.

Fredag 25. september
Pressemøte, opning av toppmøtet om FNs nye berekraftsmål, dialogkonferanse om fattigdom og sult, møte med FNs generalsekretær Ban Ki-moon og møte med Californias guvernør Jerry Brown.

Laurdag 26. september
Møte med Chiles president, Michelle Bachelet, Libanons statsminister Tammam Salam, innlegg på toppmøte om FNs berekraftsmål, lunsj med FNs næringslivsforum, innlegg på toppmøte om helse med bla. Angela Merkel, Ban Ki-moon og Bil Gates, lansering av FN-sjefens handlingsplan for Every Women Every Child, og deltaking på Global Citizen Festival.

Søndag 27. september
Innlegg på toppmøte om likestilling og deltaking på klimamøte i forkant av toppmøtet i Paris i desember.

Måndag 28. september
Opning av generaldebatten og toppmøte om FNs fredsoperasjoner. 

Tysdag 29. september
Innlegg på toppmøtet «Countering ISIL and Violent Extremism», møte med Tyrkias statsminister Ahmet Davutoğlu, første møte i den nye kommisjonen for finansiering og utdanning, og lansering av Oslo arkitetkturtriennale.

Onsdag 30. september
Statsministeren held Noregs innlegg i generaldebatten, deretter toppmøte om migrasjon. 

Fredag 2. oktober
Kl. 13.00: Statsministeren deltek ved opninga av det 160. Storting. 

Fredag 2. – laurdag 3. oktober
Statsministeren deltek i uformelt Nordisk statsministermøte i Danmark. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.