Statsministerens program veke 40

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 28. september
Kl.14.00: Statsminister Erna Solberg har eit videomøte med Sveriges statsminister Stefan Løfven. Tema er mellom anna covid-19 og bilateralt samarbeid.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post [email protected].

Kl.15.55: Statsministeren deltek på eit digitalt møte om natur og artsmangfald (Leaders Event for Nature & People) i regi av Verdas naturfond (WWF) og FNs utviklingsprogram (UNDP).

Heile arrangementet blir streama på www.natureforlifehub.org og det blir pressemøte i eit eige nyheitsrom på Zoom ca. klokka 16.10. https://undp.zoom.us/j/94308313483.

Pressekontakt  for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post [email protected].

Pressekontakt i UNDP: [email protected].

Torsdag 1. oktober
Statsministeren er på reise i Vestland fylke.

Kl. 11.00: Besøk til Kværner Stord, der statsministeren deltek på ei markering av byggestarten for havvindprosjektet Hywind Tampen. Kværner skal levere flytande betongskrog for turbinar til det som blir verdast største flytande havvindpark. Statsministeren har også eit møte med lokale bedrifter der blant anna kompetanseutvikling blir eit sentralt tema.

Adresse: Eldøyane, Stord.

Kl. 13.15: Statsministeren besøkjer katapultsenteret for berekraftig energi, der ho skal vere med på å markere det som skal bli verdas første fullskala testsenter for nye, grøne drivstoff for skipsfarten, som hydrogen og ammoniakk.

Stad: Sustainable Energy Norwegian Catapult Centre, Meatjønnvegen 74, Stord.

Kl. 14.20: Statsministeren inviterer til kaffi og prat på Amfi-senteret på Stord. Sjå www.regjeringen.no/kaffemedErna.

Adresse: Hamnegata 11, Stord.

Kl. 17.30: Statsministeren inviterer til kaffi og prat på Amfi-senteret på Os. Sjå www.regjeringen.no/kaffemedErna.

Adresse: Prestegardskogen 2, Os.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Hannah Sumeja Atic, telefon 93 26 13 98, e-post [email protected] og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post [email protected].

Fredag 2. oktober
Kl. 13.00: Statsminister Erna Solberg deltek ved opninga av det 165. storting.

Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post [email protected].

Laurdag 3. oktober
Kl. 11.00: Statsministeren taler på landsmøtet til Unge Høgre på Sundvolden hotell.

Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post [email protected].