Statsministerens program veke 41

Statsministeren er denne veka mellom anna til stades under trontaledebatten og finanstalen i Stortinget.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 5. oktober
Kl. 09.15: Statsminister Erna Solberg taler på Handelshøyskolen BI i Oslo. Tema for innlegget er arbeid, aktivitet og omstilling. Adresse: BI Nydalen, Finn Øien auditorium.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181 og kommunikasjonsrådgivar Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419.

Måndag 5. – tysdag 6. oktober
Statsminister Erna Solberg er i Stortinget i samband med trontaledebatten.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181 og kommunikasjonsrådgivar Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419.

Onsdag 7. oktober
Kl. 10.00: Statsministeren er i Stortinget, i samband med at finansminister Siv Jensen legg fram statsbudsjettet for 2016.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419.

Torsdag 8. oktober
Kl. 09.00: Statsminister Erna Solberg leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval med partane i arbeidslivet. Temaet for møtet er statsbudsjettet for 2016.

Stad: Glacisgata 1, VIP-rommet.

Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar i Glacisgata 1 seinast kl. 08.30.

Kort tilgjengelegheit for presse etter møtet, om lag kl. 11.00. Oppmøte i Glacisgata 1 seinast kl. 10.30.

Presse som ønskjer å dekke møtet må melde frå til smkinfo@smk.dep.no innan onsdag 7. oktober kl. 14.00.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Kl. 19.00: Statsministeren er til stades på jubileumsgalla i Grieghallen, i samband med Bergen Filharmoniske Orkesters 250-årsjubileum. 

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Søndag 11. oktober
Kl. 14.00: Statsministeren deltek på markeringa av FNs jentedag i regi av Plan Norge på Rådhusplassen.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Roger Holmsen, telefon 971 12 845.

Kl. 19.15: Statsministeren deltek på ei mottaking i samband med NATOs parlamentarikarforsamling årlege sesjon. Stad: Stavanger konserthus.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Tor Borgersen, telefon 909 38 987.