Historisk arkiv

Priv. til red.:

Statsministerens program veke 41

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Denne veka deltek statsministeren mellom anna i markeringa av Verdensdagen for mental helse. Ho møter også Singapores president, som kjem til Noreg på statsgjesting.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 10. oktober
Kl. 08.30: Statsminister Erna Solberg er til stades på Nationaltheatret i samband med at Åpenhetsprisen delast ut av Mental Helse i samarbeid med Verdensdagen for psykisk helse. Statsministeren deltek også i ein sofaprat med administrerande direktør i Virke Vibeke Hammer Madsen, psykolog Peder Kjøs og Kristian Haugland som er styremedlem i Mental Helse.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Kl. 19.20: Statsministeren deltek i gallamiddag på Slottet, i samband med statsbesøket frå Singapore.

Tysdag 11. oktober
Kl. 11.50: Statsministeren møter Singapores president Tony Tan Keng Yam i forsvarssjefens bustad på Akershus festning.

Det er høve til å fotografere på utsida idet statsministeren tek i mot presidenten. Ein fotopool med NTB scanpix, NRK eller TV2 og ein fotograf frå vekepressa kan arbeide innandørs ved starten av møtet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Kl. 12.20: Statsministeren er vert for ein regjeringslunsj på Akershus slott i høve presidentbesøket frå Singapore. Det er høve til å fotografere i borggarden frå kl. 11.50. Ein fotopool med NTB scanpix, NRK eller TV2 og ein fotograf frå vekepressa kan arbeide innandørs idet gjestane går til bords.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Fredag 14. oktober
Kl. 10.00: Statsministeren taler på jubileumskonferansen til Uloba på Hotel Royal Christiania i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Kl. 12.30: Statsminister Erna Solberg og barne- og likestillingsminister Solveig Horne deltek på ungdomskonferansen «Sammen mot hatprat». Konferansen vert arrangert av Stopp hatprat og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet på Sentralen i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.