Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsministerens program veke 41

Statsministeren leier denne veka mellom anna eit møte i regjeringa sitt kontaktutval med partane i arbeidslivet. Temaet for møtet er statsbudsjettet for 2020.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 7. oktober
Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg er i Stortinget, i samband med at finansminister Siv Jensen legg fram statsbudsjettet for 2020.

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post [email protected] og kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post [email protected].

Tysdag 8. oktober
Kl. 09.00: Statsministeren leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval med partane i arbeidslivet. Temaet for møtet er statsbudsjettet for 2020. Møtet går føre seg på Statsministerens kontor.

Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar seinast kl. 08.30. Adresse: Glacisgata 1. Ta med pressekort og gyldig id.

Deltakarane er tilgjengelege for presse etter møtet, om lag kl. 11.00. Oppmøte for pressefolk seinast kl. 10.30. Ta med pressekort og gyldig id.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post [email protected].

Kl. 15.30: Statsministeren møter Nigerias visepresident Yemi Osinbajo til samtale i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien.

Onsdag 7. oktober
Kl. 17.15: Statsministeren er til stades på konferansen Xynteo Exchange på Skur 13 i Oslo. Kl. 18. 15 deltek ho i ein samtale på scenen om leiing, det grøne skiftet og digitalisering. Stad: Skur 13, Filipstadveien 3 i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post [email protected].

Fredag 25. oktober
Statsministeren deltek i markeringa av 75-årsdagen for frigjøringa av Øst-Finnmark i Kirkenes. Sjå eiga pressemelding for detaljar. Fristen for akkreditering er 15. oktober.

Til toppen