Historisk arkiv

Statsministerens program veke 42

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren er tysdag i Stortinget, der ho held ein redegjørelse om migrasjon og flyktningsituasjonen.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Søndag 11. oktober
Kl. 14.00: Statsministeren deltek på markeringa av FNs jentedag i regi av Plan Norge på Rådhusplassen.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Roger Holmsen, telefon 971 12 845.

Kl. 15.10: Statsministeren er invitert på tur av Regnskogfondet i skogen ned mot Lysakerelva, i samband med årets tv-aksjon på NRK. Midlene fra årets aksjon går til arbeidet med å redde regnskogen. Stad: Bærumsveien, brua mellom Oslo og Bærum, fylkesgrensa mellom Oslo og Akershus på Lysaker.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Søndag 11. oktober og måndag 12. oktober
Statsministeren deltek på NATOs parlamentarikarforsamlings årlege sesjon, som i år vert arrangert i Stavanger.

Søndag 11. oktober
Statsministeren deltek søndag kveld på ei mottaking i samband med parlamentarikarforsamlinga, i Stavanger konserthus.

Måndag 12. oktober
Kl. 09.35: Statsministeren taler i plenumsdelen av møtet. Statsministeren er tilgjengeleg for presse i pausen som startar om lag kl. 10.10.

Kl. 12.35: Statsministeren møter NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg til eit bilateralt møte. Det er mogleg å fotografera ved oppstarten av møtet. Statsministeren er tilgjengeleg for presse rett etter møtet, om lag kl. 13.15.

All presse må akkrediterast. Bruk dette akkrediteringsskjemaet. For meir informasjon: sjå Stortingets informasjon om møtet eller NATOs presseprogram.

Pressekontakt for statsministeren i Stavanger er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Kl. 13.30: Statsministeren besøkjer Petroleumstilsynet, der ho får ei orientering om verksemda. Stad: Professor Olav Hanssens vei 10, Stavanger.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Tysdag 13. oktober
Kl. 10.00: Statsministeren er i Stortinget, der ho held ein redegjørelse om migrasjon og flyktningsituasjonen.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Onsdag 14. oktober
Statsministeren opnar ein konferanse om berekraft i London. Ho skal óg møte Storbritannias energi- og klimaminister Amber Rudd, treffe norske teknologigründerar, og besøkje Norges Bank Investment Management (NBIM) i London. Sjå eiga pressemelding for detaljar.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Laurdag 17. oktober
Kl. 16.45: Statsministeren taler på Moderatarnas partikongress i Karlstad i Sverige.

Pressekontakt er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181.

Onsdag 11. og torsdag 12. november
Statsminister Erna Solberg deltek på det internasjonale toppmøtet om migrasjon på Malta. På møtet skal stats- og regjeringssjefar frå europeiske og afrikanske land diskutera korleis dei langsiktige utfordringane med migrasjon kan løysast.

Akkrediteringsfrist for presse er 4. november. Bruk denne nettsida for akkreditering. Generell informasjon om møtet finn du her.

Pressefolk som reiser til Malta må sjølv bestille overnatting. Det er lurt å gjere dette så snart som mogleg.

Ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, for meir detaljert informasjon.