Historisk arkiv

Statsministerens program veke 42

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 16. oktober
17.00: Statsminister Erna Solberg møter Estlands president Kjersti Kaljulaid. Dei to skal blant anna diskutera utanriks- og sikkerheitspolitikk, europapolitiske spørsmål og digitalisering.

Møtet går føre seg på Statsministerens kontor i Glacisgata 1. Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Etter møtet, om lag kl. 17.30, blir det eit kort pressetreff.

Oppmøte for fotografar seinast kl. 16.40 og for andre pressefolk kl. 17.10. Ta med gyldig pressekort og id.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Tysdag 17. oktober
Kl. 13.00: Statsministeren møter leiaren for FNs klimapanel (IPCC), Hoesung Lee, på Statsministerens kontor. Dei to skal diskutere klimapanelets arbeid.

Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. I etterkant av møtet, om lag kl. 13.25, er dei to tilgjengelege for korte kommentarar.

Oppmøte for fotografar seinast kl. 12.40 og for andre pressefolk kl. 13.10. Ta med gyldig pressekort og id.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Onsdag 18. oktober
Kl. 13.10: Statsministeren taler på YS-konferansen 2017. Stad: Gamle Museet, Dronningensgate 4 i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Torsdag 19. oktober
Statsministeren deltek på møte i European People´s Party (EPP) i Brussel.

Pressekontakt er statssekretær Ingvild Stub, telefon 920 14 897.

Fredag 20. oktober
Kl. 15.00: Statsministeren taler på Sjømaktkonferansen i Grieghallen i Bergen. Tilgjengeleg for presse om lag kl. 15.30.

Kl. 16.30: Statsministeren taler på møte i Bergen Høgre på Scandic Flesland Airport Hotel.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.