Historisk arkiv

Statsministerens program veke 42

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Søndag 11. oktober
Kl. 11.00: Statsminister Erna Solberg deltek på festgudsteneste i Nidarosdomen i samband med årets kyrkjemøte som blir halde i Trondheim 8.–11. oktober. Statsministeren deltek deretter på ein lunsj i Erkebispegården.

Pressekontaktar er statssekretær Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 90 97 32 66, e-post eil@smk.dep.no.

Tysdag 13. oktober
Om lag kl. 11.00: Statsministeren er i Stortinget i samband med arbeids- og sosialminister Henrik Asheims forklaring om granskingutvalets rapport om EØS-saka.

Pressekontaktar er politisk rådgivar politisk rådgivar Hannah Sumeja Atic, telefon 93 26 13 98, e-post hsat@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Kl. 15.00: Statsministeren deltek på eit møte i det næringsdrivne klimainitiativet Skift – Næringslivets klimaledere. Tema for møtet er korleis styresmakter og næringsliv kan spele på lag i møte med nullutsleppsamfunnet.

Møtet går  føre seg hjå Storebrand. Adresse: Professor Kohts vei 9, Lysaker.

Pressekontaktar er statssekretær Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Fredag 16. oktober
Kl. 09.15: Statsministeren deltek på lanseringa av regjeringa sin nye samarbeidsstrategi for barn og ungdom i låginntektsfamiliar. Stad: Vulkan Arena, Vulkan 26, Oslo.

Arrangør er Barne- og familiedepartementet. Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@bfd.dep.no.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no

Kl. 12.00: Statsminister Erna Solberg, justis- og beredskapsminister Monica Mæland og forsvarsminister Frank Bakke-Jenssen presenterer den nye samfunnssikkerheitsmeldinga og langtidsplanen for Forsvaret.

Stad: Marmorhallen i Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 20.

Påmelding til andreas.bondevik@jd.dep.no innan 15. oktober kl. 14.00.

Oppmøte innan kl. 11.45. Ta med gyldig pressekort og ID.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.

Pressekontakt for justis- og beredskapsministeren er kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post andreas.bondevik@jd.dep.no.

Pressekontakt for forsvarsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ann Kristin Salbuvik, telefon 90 66 93 56, e-post aks@fd.dep.no.

Søndag 18.oktober
Statsminister Erna Solberg deltek på årets TV-aksjon på NRK. Stad: Marienlyst.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no.