Historisk arkiv

Statsministerens program veke 43

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Tysdag 22. oktober

Kl. 19.00: Statsminister Erna Solberg er vertskap for ein middag i samband med den internasjonale havkonferansen Our Ocean. Konferansen vert arrangert i Oslo 23. og 24. oktober og har meir enn 500 deltakarar frå over 100 land, frå politikk, næringsliv og sivilsamfunn. Middagen går føre seg i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Det er mogleg å fotografere ved starten av middagen. Oppmøte for fotografar seinast kl. 18.30 ved inngangen i Riddervoldsgate 2. Ta med gyldig pressekort og id.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 90 97 32 66, e-post eil@smk.dep.no.

Onsdag 23. oktober

Noreg er vertskap for den internasjonale havkonferansen Our Ocean, på The Hub i Oslo. Sjå fleire detaljar på konferansens nettside.

Kl. 08.15: Statsminister Erna Solberg og utanriksminister Ine Eriksen Søreide inviterer til pressekonferanse ved starten av konferansen. Stad: The Hub, Biskop Gunnerus´ gate 3.

Kl. 09.00: Statsministeren taler på den offisielle opninga av Our Ocean, saman med utanriksminister Ine Eriksen Søreide. Etter opninga deltek statsministeren i samtale på scenen.

Kl. 10.15: Statsministeren deltek på eit havarrangement for ungdom på Our Ocean-konferansen på The Hub.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Kl. 13.45: Statsminister Erna Solberg og helse- og omsorgsminister Bent Høie inviterer til pressekonferanse om etablering av helsefellesskap. Styreleder i KS, Gunn Marit Helgesen, deltek også på pressekonferansen.

Pressekonferansen går føre seg på Statsministerens kontor. Presse som ønskjer å vere til stades må ta med gyldig pressekort og id. Oppmøte i Glacisgata 1 seinast kl. 13.15.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, epost ksg@smk.dep.no.

Kl. 17.00: Statsministeren deltek på ei mottaking for næringslivet i samband med havkonferansen Our Ocean på The Hub i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Fredag 25. oktober

Statsministeren er i Kirkenes, der ho deltek på markeringa av 75-årsdagen for frigjeringa av Aust-Finnmark. Sjå eiga pressemelding for detaljar.

Om lag kl. 11.50: Statsministeren held tale i samband med opninga av den dokumentariske utstillinga «Kvinner i krig på tvers av grenser». Presse som ynskjer å dekkje dette, må akkreditere seg til: mo@smk.dep.no i løpet av torsdag 24.10.

Kl. 12.45: Statsminister Erna Solberg og utanriksminister Ine Eriksen Søreide møter pressa i forkant av folkearrangementet på Torget. Presse må akkreditere seg til: mo@smk.dep.no i løpet av torsdag 24.10.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.

Laurdag 26. oktober

Kl. 15.15: Statsministeren besøkjer Venstres landskonferanse på Expo Fornebu. Adresse: Snarøyveien 20, Fornebu.

Pressekontakt er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no.

Tysdag 29. oktober og onsdag 30. oktober

Statsministeren deltek på Nordisk råds 71. sesjon i Stockholm, der ho møter dei nordiske statsministerkollegaene sine til diskusjonar om blant anna klima, bærekraft og unges engasjement.

Presse som ønskjer å dekkje Nordisk råds 71. sesjon må akkreditere seg innan torsdag 24. oktober. Meir informasjon her.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.