Statsministerens program veke 43

Statsminister Erna Solberg reiser denne veka mellom anna til Vestland fylke.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Tysdag 20. oktober
Statsminister Erna Solberg er på reise i Vestland fylke.

Kl. 09.50: Besøk på Amble Gård i Kaupanger, der statsministeren får ei orientering om årets fruktsesong. Adresse: Øvre Amla 16.

Kl. 11.00: Statsministeren inviterer til kaffi og prat på Amfi Sogningen i Sogndal. Adresse: Hovevegen 6. Sjå www.regjeringen.no/kaffemedErna.

Kl. 13.30: Statsministeren besøkjer Jølstra Kraftverk i Jølster. Kommunikasjonsrådgivar Andreas Bjørklund kan kontaktast for akkreditering og detaljar om oppmøtestad. Telefon 41 28 69 11, e-post [email protected],

Kl. 15.30: Statsministeren besøkjer Tibber Norge AS i Førde. Adresse: Hafstadvegen 23.

Kl. 17.00: Statsministeren inviterer til foreldremøte på Slåtten skule i Førde.

Av omsyn til smittevern er det avgrensa tal på plassar til pressa på skulen. Me ber difor om påmelding til [email protected] innan måndag 19. oktober kl. 15.

Adresse: Angedalsvegen 71.

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post [email protected] og kommunikasjonsrådgivar Andreas Bjørklund, telefon 41 28 69 11, e-post [email protected].

Onsdag 21. oktober
Kl. 12.15: Statsministeren møter styreleiar Jon Erik Reinhardsen, konsernsjef Eldar Sætre og påtroppande konsernsjef Anders Opedal i Equinor, på Statsministerens kontor.

Pressekontakt er fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post [email protected].

Torsdag 22. oktober
Kl. 13.00: Statsministeren deltek på eit digitalt møte om global utdanning i regi av UNESCO.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post [email protected].

Om lag kl. 20.30: Statsministeren er til stades på markeringa av 100-årsjubileet til Stortingets presselosje, der ho skal delta i debatt med Ap-nestleiar Hadia Tajik. Arrangementet går føre seg på Sentralen i Oslo. Adresse: Øvre Slottsgate 3.

Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post [email protected].

Fredag 23. oktober
Kl. 12.15: Statsministeren skal leie ein kviss på FN-sambandets markering av FN-dagen. Arrangementet går føre seg på Litteraturhuset i Oslo. Adresse: Wergelandsveien 29.

Pressekontakt er fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post [email protected]

Kl. 14.00: Statsminister Erna Solberg leier eit møte i regjeringa sitt digitaliseringsutval. 

Møtet går føre seg på Statsministerens kontor.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post [email protected].