Statsministerens program veke 44

Statsministeren deltek denne veka mellom anna på Nordisk råds 68. sesjon i København.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 31. oktober
Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg taler på økonomi- og administrasjonsdagen på Handelshøyskolen BI i Nydalen i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Camilla Pettersen, telefon 951 05 064.

Tysdag 1. og onsdag 2. november
Statsministeren deltek på Nordisk råds 68. sesjon i København. Sjå detaljar i eiga pressemelding. Frist for akkreditering er 28. oktober.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Torsdag 3. november
Kl. 19.00: Statsministeren er vert for ein regjeringsmiddag i Oslo rådhus i samband med at det er 50 år sidan oljeverksemda i Noreg starta. H.M. Kongen er blant gjestane, i tillegg til representantar for det offisielle Noreg, tidlegare statsrådar og statsministrar, ordførarar frå ulike delar av landet, oljepionerar og representantar for oljenæringa.

Oppmøte for pressefolk ved hovudinngangen til rådhuset frå kl. 18.30. Ta med pressekort og gyldig id. Pressa kan vera til stades inne i salen under velkomsttalane. Det blir lagt til rette for lydtapping.

Pressekontaktar er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland ved Statsministerens kontor, telefon 930 51 458 og kommunikasjonssjef Ole Berthelsen i Olje- og energidepartementet, telefon 930 26 847.

Fredag 4. november
Kl. 12.00: Statsministeren deltek i ei markering av at Parisavtalen trer i kraft. Stad: Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 20 i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Camilla Pettersen, telefon 951 05 064.

Kl. 18.00: Statsministeren er til stades på førestillinga «Flere farger» på Sarpsborg Scene. «Flere farger» er eit multietnisk barne- og ungdomsprosjekt. Førestillinga er ein del av Sarpsborgs 1000-årsjubileum.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.