Historisk arkiv

Statsministerens program veke 44

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 28. oktober
Kl. 09.30: Statsminister Erna Solberg leier eit møte i regjeringa sitt digitaliseringsutval, på Statsministerens kontor. Tema for møtet er kunstig intelligens.

Kl. 17.00: Statsministeren møter fleire av leiarane i bedriftene i det næringsdrivne klimainitiativet Skift. Tema for møtet er klimaløysingar og grøn konkurransekraft. Møtet går føre seg hjå Umoe på Fornebu hovedgård. Deltakarane på møtet er tilgjengelege for pressefolk frå om lag kl. 17.50. Adresse: Fornebuveien 84.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Tysdag 29. og onsdag 30. oktober
Statsministeren deltek på Nordisk råds 71. sesjon i Stockholm, der ho møter dei nordiske statsministerkollegaene sine til diskusjonar om blant anna klima, bærekraft og unges engasjement.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Fredag 1. november
Kl. 15.00: Statsministeren opnar Spillexpo, Noregs største messe for dataspel, på Norges Varemesse på Lillestrøm.  

Pressekontaktar er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Laurdag 2. november
Statsministeren deltek på fylkesårsmøtet til Nordland Høgre i Bodø.

Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no.

Søndag 3. og måndag 4. november
Statsministeren deltek på eit møte i European People’s Party (EPP) i Vilnius i Litauen.

Om ettermiddagen måndag 4. november har statsminister Erna Solberg eit bilateralt møte med Litauens statsminister Saulius Skvernelis.

Pressekontakt for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no.