Statsministerens program veke 44

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Tysdag 27. og onsdag 28. oktober
Statsministeren deltek digitalt på Nordisk råds 72. sesjon og nordisk statsministermøte. Ho møter dei nordiske statsministerkollegaene sine til diskusjonar om blant anna grøn omstilling og Covid-19.

Torsdag 29. oktober
Kl. 11.00: Statsministeren er med på ei markering av at entreprenør- og transportfirmaet Tom Wilhelmsen AS tek i bruk dei første elektriske tippbilane i Europa. Markeringa går føre seg i Landskaugveien 27 i Ytre Enebakk.

Presse som ønskjer å delta på markeringa kan akkreditere seg til Benedicte Grevstad, telefon 901 07 699, e-post bg@cred.as innan onsdag 28. oktober kl. 10.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Fredag 30. oktober
Statsminister Erna Solberg, barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad og kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby besøkjer Vestfold og Telemark fylke.

Kl. 10.50: Statsministeren besøkjer Lunde barneskole i Skien der ho mellom anna opnar den nye fleirbrukshallen. Adresse: Lundegata 17, Skien.

Kl. 12.00: Besøk til Norcem Brevik. Adresse: Setrevegen 2, Brevik.

Presse som ønskjer å delta på besøket kan sende e-post til tor.halvorsrud@HeidelbergCement.com.

Kl. 14.00: Besøk til Equinor Herøya der statsministeren mellom anna skal markere oppstarten av testanlegget for CO2-transport i rør. Adresse: Herøya Industripark, Hydrovegen 79, Porsgrunn.

Kl. 15.30: Statsministeren er til stades i samband med opninga av pilotprosjekt med sjølvkøyrande buss utan vert. Adresse: Herøya Industripark, Hydrovegen 79, Porsgrunn.

Presse som ønskjer å delta på besøket på Herøya kan senda e-post til ubj@equinor.com. I e-posten må du oppgi namn, avis/mediehus, telefonnummer, jakke- og skostørrelse. Fristen for påmelding er torsdag 29. oktober kl. 14.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.