Historisk arkiv

Priv. til red.:

Statsministerens program veke 44

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren møter 28. - 29. oktober sine nordiske og baltiske kollegaer i Oslo i samband med nordisk-baltisk statsministermøte og Nordisk råds sesjon.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 28. oktober
Kl. 12.30: Statsminister Erna Solberg og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen besøkjer Bjørnholt skole i Oslo, der dei møter elevar og lærarar som fortel om arbeidet for å førebyggje fråfall i vidaregåande skule.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Camilla Ryste, telefon 482 13 216.

Pressekontakt for kunnskapsministeren er kommunikasjonsrådgivar Dino Prohic, telefon 922 25 224.

Måndag 28. og tysdag 29. oktober
Statsminister Erna Solberg vil 28. – 29. oktober møte sine nordiske og baltiske kollegaer i Oslo i samband med nordisk-baltisk statsministermøte og Nordisk råds sesjon. Sjå eiga pressemelding med fleire detaljar.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Onsdag 30. oktober
Kl. 13.00: Regjeringa har budsjettkonferanse i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Det er mogleg å fotografera ved starten av møtet, for ein fotopool med følgjande deltakarar: TV2, NRK, NTB scanpix og ANB. Oppmøte ved inngangen i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 12.30.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.