Priv. til red.

Statsministerens program veke 45

Denne veka skal statsministeren mellom anna gjeste Strasbourg, Frankfurt og Berlin.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 7. og tysdag 8. november
Statsminister Erna Solberg besøkjer Strasbourg, Frankfurt og Berlin. På programmet står mellom anna besøk til Europarådet, møte med den europeiske sentralbanksjefen og arbeidslunsj med Tysklands forbundskanslar Angela Merkel. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458. 

Onsdag 9. november
Kl. 17.15: Statsministeren er til stades på markeringa av 60-årsdagen til Harald Magnus Andreassen på Ekebergrestauranten i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Kl. 18.00: Statsministeren taler under markeringa av Krystallnatta på trappa framom Nationaltheatret.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Torsdag 10. november
Kl. 08.30: Statsministeren er til stades på eit frukostmøte der Norsk Olje og Gass, Norges Rederiforbund, Norsk Industri, Sjømat Norge og Fiskarlaget legg fram eit felles innspel til arbeidet med havpolitikken.

Arrangementet går føre seg i Kiefersalen på Astrup Fearnley Museet på Tjuvholmen.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.