Historisk arkiv

Statsministerens program veke 45

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 5. november
Kl. 14.30: Statsminister Erna Solberg møter konsernsjef i Equinor, Eldar Sætre, på Statsministerens kontor.

Kl. 19.00: Statsministeren inviterer til arbeidsmiddag i samband med den internasjonale påfyllingskonferansen for barne- og mødrehelse i utviklingsland. Konferansen vert arrangert i Oslo 5. og 6. november. Middagen går føre seg i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Burkina Fasos president, statsministeren i Elfenbenskysten, leiaren for Den internasjonale bank for gjenoppbygging og utvikling og Melinda Gates er blant gjestane.

Ein fotopool med deltakarar frå NTB scanpix, NRK og TV2 kan fotografere når statsministeren tek imot gjestane og ved starten av middagen. Oppmøte for fotografar seinast kl. 18.30 ved inngangen i Riddervoldsgate 2. Ta med gyldig pressekort og id.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post arvid.samland@smk.dep.no.

Tysdag 6. november
Kl. 09.00: Statsminister Erna Solberg og utviklingsminister Nikolai Astrup er vertskap for den internasjonale påfyllingskonferansen for barne- og mødrehelse i utviklingsland, i Oslo rådhus. Konferansen er eit samarbeid mellom Noreg, Burkina Faso, Verdsbanken og Bill & Melinda Gates Foundation. Rundt 300 deltakarar frå nærare 20 land deltek på konferansen.

Du kan sjå konferansen på nett-tv på regjeringa.no.

Kl. 12.00: Pressekonferanse med statsminister Erna Solberg, Burkina Fasos president Kaboré, Kristalina Georgieva frå Verdsbanken og Melinda Gates. På pressekonferansen vil det bli offentleggjort kor store summar som har blitt mobilisert på konferansen.

Pressekonferansen vert også vist på nett-tv.

Sjå eiga pressemelding for detaljar.

Pressekontakt  for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post arvid.samland@smk.dep.no.

Pressekontakt for utviklingsministeren er kommunikasjonsrådgivar Siri R. Svendsen, telefon 976 87 801, e-post siri.svendsen@mfa.no.

Onsdag 7. november
Kl. 08.30: Statsministeren taler på Sparebankdagene 2018 på Scandic Lerkendal Hotel i Trondheim. Adresse: Klæbuveien 127.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eirin.larsen@smk.dep.no.

Kl. 14.20: Statsministeren møter leiaren for FNs klimapanel, Hoesung Lee, og deltek på Zero-konferansen på Skur 13 i Oslo. Adresse: Filipstadveien 3.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eirin.larsen@smk.dep.no.

Kl. 18.00: Statsminister Erna Solberg tek imot presidenten i Benin, Patrice Talon, til bilateralt møte i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Dei to vil vere til stades når utviklingsministrane signerer ein intensjonsavtale (MoU) om bilateralt bistandssamarbeid mellom Benin og Noreg.

Presse kan vere til stades under signeringa, som finn stad i Parkveien 45 kl. 18.20. Oppmøte i Riddervoldsgate 2 innan kl. 17.50. Ta med pressekort og gyldig id med foto.

Påmelding innan 7. november kl. 12.00 til smkinfo@smk.dep.no

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Marita I. Wangberg, telefon 905 12 319, e-post miw@smk.dep.no.

Fredag 9. november
Kl. 09.10: Statsministeren taler på Rettferdskonferansen 2018 på Sentralen i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eirin.larsen@smk.dep.no.

Kl. 18.00: Statsministeren taler på ein krystallnattmarkering på Torgallmenningen i Bergen.

Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post rune.alstadsaeter@smk.dep.no.

Laurdag 10. november
Kl. 12.00: Statsministeren deltek på opninga av Pushwagners minneutstilling i Vault Studios i Bergen. Adresse: Domkirkegaten 3.

Kl. 13.00: Statsministeren besøkjer årsmøtet til Vestland Høgre på Scandic Flesland Airport Hotel.

Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post rune.alstadsaeter@smk.dep.no.

Søndag 11. november
Statsministeren reiser til Paris, og deltek på 100-årsmarkeringa for slutten av 1. verdskrig.

Kl. 08.00: Frukostmøte med norsk presse i Paris på den norske ambassaden.

Kl. 11.00: Markering av slutten av 1. verdskrig ved Triumfbuen i Paris.

Kl. 15.00: Statsministeren deltek på Paris Freedom Forum. Ho skal halde eit innlegg om norske erfaringar frå internasjonalt fred- og forsoningsarbeid.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eirin.larsen@smk.dep.no.

Laurdag 1. desember – måndag 3. desember
Statsminister Erna Solberg reiser til Sør-Afrika og og Angola for å delta i feiringa av 100-årsjubileet for Nelson Mandelas fødsel, samt å følgje opp sitt engasjement som leiar for pådrivargruppa for berekraftmåla.

I Johannesburg skal statsministeren mellom anna ha eit bilateralt møte med Sør-Afrikas president Cyril Ramaphosa, og delta på Global Citizen Festival i Johannesburg. Ho vil også delta på fleire arrangement og møte om berekraftmåla.

På måndagen har statsministeren mellom anna eit bilateralt møte med Angolas president João Lourenço, deltek på eit næringslivseminar og møter representantar frå det sivile samfunn.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510, e-post trude.maseide@smk.dep.no.