Historisk arkiv

Statsministerens program veke 45

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg besøkjer denne veka mellom anna Ålesund, Brattvåg og Sykkylven i Møre og Romsdal.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Tysdag 3. november
Statsminister Erna Solberg besøkjer Ålesund, Brattvåg og Sykkylven i Møre og Romsdal.

Kl. 08.40: Besøk til reiarlaget Sølvtrans, der statsministeren får ei orientering om drifta. Adresse: Skansekaia 4b, Ålesund.

Kl. 10.30: Statsministeren besøkjer Brattvåg, der ho møter Vard og Kongsberg Maritime for å høyre korleis dei har blitt påverka av koronapandemien.

Besøket startar på Vard kl. 10.30. Adresse: Strandgata 74.

Om lag kl. 12.00 besøkjer ho Kongsberg Maritime. Adresse: Årsundvegen 24.

Kl. 14.10: Statsministeren møter møbelbedrifter i Sykkylven og Stranda for å høyre korleis koronaperioden har vore for møbelnæringa på Sunnmøre. Møtet går føre seg hjå Ekornes. Adresse: Industrivegen 1, Ikornnes.

Kl. 15.30: Statsministeren deltek på den offisielle opninga av Innovern AS i Sykkylven. Bedrifta produserer smittevernutstyr. Adresse: Sykkylvsvegen 125, Sykkylven.

Kl. 17.00: Statsministeren møter aksjonsgruppa Nei til vindkraftverk på Haramsøya. Møtet går føre seg på Quality Hotel Ålesund. Adresse: Sorenskriver Bulls gate 7.

Pressekontaktar er statssekretær Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Fredag 6. november
Kl. 12.30: Statsminister Erna Solberg og justis- og beredskapsminister Monica Mæland deltek på opninga av Politiets nasjonale beredskapssenter på Taraldrud i Nordre Follo kommune.

På grunn av korona er det avgrensa tal på plassar til pressa. Presse som ønskjer å delta på besøket må melda seg på til andreas.skjold-lorange@jd.dep.no.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.

Pressekontakt for justis- og beredskapsministeren er kommunikasjonsrådgivar Andreas Skjøld-Lorange, telefon 48 16 12 27, e-post andreas.skjold-lorange@jd.dep.no.

Laurdag 7. november
Kl. 09.00: Statsministeren deltek på ei markering av at 100 personar har fått jobb via den ideelle organisasjonen Helt Med. Helt Med jobbar med å inkludere personar med utviklingshemming i det ordinære arbeidslivet.

Statsministeren besøkjer først Kiwi-butikken i Strømgaten, der ho møter fleire som har fått jobb gjennom Helt Med. Deretter, om lag kl. 09.20, er ho med på den offisielle markeringa som går føre seg på hotellet Scandic Ørnen.

Adresser:
Kiwi Strømgaten: Strømgaten 38, Bergen.
Scandic Ørnen: Lars Hillesgate 18, Bergen.

Kl. 10.45: Statsministeren deltek på nominasjonsmøte for Vestland Høgre, Hordaland valkrets sitt nominasjonsmøte før stortingsvalet i 2021. Adresse: Scandic Flesland, Lønningsvegen 9, Blomsterdalen.

Kl. 20.30: Statsministeren er til stades på fotballkampen mellom Brann og Haugesund på Brann stadion i Bergen.

Pressekontakt i Bergen er politisk rådgivar Hannah Sumeja Atic, telefon 93 26 13 98, e-post hsat@smk.dep.no