Statsministerens program veke 46

Statsministeren deltek denne veka mellom anna på EUs toppmøte om arbeidslivs- og sosialpolitikk i Gøteborg.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 13. november og tysdag 14. november
Statsministeren Erna Solberg besøkjer Mo i Rana, der ho skal delta på konferansen Agenda Nord-Norge. Måndag kveld er statsministeren til stades på nordnorsk festaften i Mo Industripark.

Tysdag morgon taler statsministeren til Agenda Nord-Norge, på Scandic Meyergården hotell.

Kl. 11.30 besøkjer statsministeren Polarsirkelen videregående skole, der ho får ei orientering om skulen og deltek i «spørjetime» med elevane. Adresse: Murbakken 1, Mo i Rana.

Kl. 13.00 besøkjer statsministeren Mo Industripark, der ho blant anna møter ei gruppe fagarbeidarar der enkelte har jobba i industriparken sidan 1970-talet. Ho får også ei orientering av bedriftene Tag Sensors og Arctic Circle Data Center.

Oppmøte for presse ved kontrollrommet til Celsas valseverk inne på industriområdet. 

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post asa@smk.dep.no.

Onsdag 15. november
Kl. 18.00: Statsministeren taler på konferansen Xynteo Exchange i Oslo Rådhus.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510, e-post tm@smk.dep.no.

Torsdag 16. november
Kl. 09.00: Statsministeren taler på IBMs digitaliseringskonferanse Watson Summit på Scandic Fornebu. Statsministeren er kort tilgjengeleg for presse om lag kl. 09.20.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987, e-post tab@smk.dep.no.

Fredag 17. november
Statsministeren deltek på EUs toppmøte om arbeidslivs- og sosialpolitikk i Gøteborg. Statsministeren held innlegg på den delen av møtet som handlar om omstilling og jobbskaping og vil i tillegg ta opp det norske initiativet om å løyse felles europeiske utfordringar med arbeidslivskriminalitet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post asa@smk.dep.no.

Søndag 19. november
Statsministeren deltek på sentralstyremøte i Høgre. Presse kan vere til stades under statsministerens innleiing kl. 14. Stad: Høgres hus, 6. etasje.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef i Høgre Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419.

Kl. 18.00: Statsministeren ser Strømsgodset - Brann på Marienlyst stadion i eliteseriens 29. runde. 

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Maria Korkunc Samland, telefon 980 93 663, e-post mak@smk.dep.no.

Tysdag 12. desember – klimamøte i Frankrike
Statsministeren deltek på klimatoppmøtet One Planet Summit i Paris. Presse som vil dekkje møtet må akkreditera seg her før 1. desember.

Stad: Ile Seguin at La Seine Musicale (92100 Boulogne-Billancourt) i Paris.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510, e-post tm@smk.dep.no.