Statsministerens program veke 46

Statsminister Erna Solberg deltek denne veka mellom anna på årets Agenda Nord-Norge i Svolvær.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 12. november
Kl. 15.00: Statsminister Erna Solberg besøkjer Nordland politidistrikt i Bodø, der ho får ei oppdatering om status i arbeidet med nærpolitireforma. Møtet går føre seg i den samlokaliserte operasjonssentralen på Albertmyra. Statsministeren er tilgjengeleg for presse etter møtet. Oppmøte for pressefolk ved hovudinngangen til Samlok (på baksida av brannstasjonen) seinast kl. 16.00.

Om kvelden er statsministeren i Svolvær, der ho deltek på nordnorsk festaften i regi av Agenda Nord-Norge.

Pressekontaktar er statssekretær Sunniva Ihle Steinstad, telefon 959 77 153, e-post sunniva-ihle.steinstad@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post arvid.samland@smk.dep.no.

Tysdag 13. november
Statsminister Erna Solberg deltek på årets Agenda Nord-Norge i Svolvær. Konferansen går føre seg på Thon Hotel/Lofoten kulturhus. Statsministeren taler om lag kl. 10.

Pressekontaktar er statssekretær Sunniva Ihle Steinstad, telefon 959 77 153, e-post sunniva-ihle.steinstad@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post arvid.samland@smk.dep.no.

Onsdag 14. november
Kl. 12.45: Statsminister Erna Solberg møter Mosambiks president Filipe Nyusi til arbeidslunsj i statsministerbustaden. Dei to skal blant anna diskutere samarbeidet mellom dei to landa, fred og sikkerheit, multilaterale spørsmål, hav, økonomi og handel.

Ein fotopool med deltakarar frå NTB Scanpix og NRK/TV2 kan fotografere ved starten av lunsjen. Oppmøte for fotografar seinast kl. 12.15 ved inngangen i Riddervoldsgate 2. Ta med gyldig pressekort og id.

Kl. 14.20: Pressemøte med statsministeren og Mosambiks president, der det også vil bli underteikna to bilaterale avtalar mellom Noreg og Mosambik. Avtalane handlar blant anna om samarbeid om kvinner, fred og sikkerheit.

Oppmøte for pressefolk seinast kl. 13.50 ved inngangen i Riddervoldsgate 2. Ta med gyldig pressekort og id.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Marita I. Wangberg, telefon 905 12 319, e-post miw@smk.dep.no.

Kl. 17.00: Statsministeren deltek på opninga av Det Europeiske Wergelandssenteret sin jubileumskonferanse og bidrar til lansering av prosjektet «Free to Speak, Safe to learn», på Sentralen i Oslo. Øvre Slottsgate 3.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987, e-post tor.borgersen@smk.dep.no.

Fredag 16. november
Kl. 12.45: Statsminister Erna Solberg er til stades på Mental Helses landsmøte på Quality Airport Hotel Gardermoen. Adresse: Lokevegen 7, Jessheim.

Kl. 14.10: Statsministeren taler på Hadelandkonferansen på Hadeland videregående skole. Adresse: Skolelia 3, Gran.

Pressekontakt på Gardermoen og Hadeland er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948, e-post anne.nordskog@smk.dep.no.

Kl. 19.00: Statsministeren er gjest på Bergen Næringsråd sin årsmiddag. Stad: Grieghallen.

Pressekontakt i Bergen er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510, e-post trude.maseide@smk.dep.no.

Laurdag 17. november
Kl. 12.30: Statsministeren er gudmor ved dåpen av det elektriske skipet Future of the Fjords i Gudvangen.

Kl. 18.00: Statsministeren deltek på lysvandring for berekraftmåla, frå Fløyen stasjon i Bergen.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510, e-post trude.maseide@smk.dep.no.

Søndag 18. november
Kl. 14.00: Statsministeren taler på fylkesmannen sin statsborgarseremoni i Oslo rådhus.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948, e-post anne.nordskog@smk.dep.no.

Til toppen