Historisk arkiv

Statsministerens program veke 46

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Søndag 10. november
Statsminister Erna Solberg deltek på sentralstyremøte i Høgre søndag 10. november og måndag 11. november.

Presse kan vere til stades på statsministerens innleiing, søndag om lag kl. 14.00. Statsministeren er tilgjengeleg for presse etter innleiinga. Stad: Høyres Hus, Oslo.

Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no.

Kl. 17.00: Statsministeren deltek på markeringa av Krystallnatta i Oslo. Ho går i fakkeltog frå Youngstorget til Nationaltheatret og taler deretter på trappa ved Nationaltheatret.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no.

Måndag 11. november
Om kvelden er statsministeren i Narvik, der ho deltek på nordnorsk festaften i samband med Agenda Nord-Norge. Arrangementet går føre seg på Nedre fjellheisstasjon i Narvik.

Pressekontaktar er statssekretær Sunniva Ihle Steinstad, telefon 95 97 71 53, e-post sis@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Tysdag 12. november
Kl. 09.00: Statsministeren deltek på årets Agenda Nord-Norge i Narvik. Konferansen går føre seg i REC-hallen i Teknologiveien 6. Statsministeren taler om lag kl. 09.05.

Kl. 13.00: Statsministeren besøkjer Universitetssykehuset Nord-Norge i Narvik, der ho får ei orientering om planane for nytt sjukehus i Narvik. Møtet går føre seg på det eksisterande sjukehuset i Sykehusveien 3. Etter møtet, om lag kl. 14.00, får statsministeren ei kort orientering på tomta for det nye sjukehuset på Furumoen.

Det er mogleg for presse å delta på møtet på sjukehuset og på besøket til tomta.

Pressekontaktar er statssekretær Sunniva Ihle Steinstad, telefon 95 97 71 53, e-post sis@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

NATO-toppmøte tysdag 3. og onsdag 4. desember
Statsministeren leier den norske delegasjonen til NATO-toppmøtet i London 3. og 4. desember. Utanriksminister Ine Eriksen Søreide og forsvarsminister Frank Bakke-Jensen vil òg delta.

Informasjon om akkreditering finn de på nettsidene til NATO. Merk at akkrediteringsfristen går ut 12. november. Anna relevant informasjon om toppmøtet finn de her.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post: ano@smk.dep.no.