Historisk arkiv

Statsministerens program veke 47

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Tysdag 17. november
Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg deltek på ein digital skuletime om det amerikanske valet saman med elevar ved Lillestrøm videregående skole.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.

Kl. 11.15: Statsministeren inviterer til ein digital kaffekopp i lunsjen. Invitasjonen gjeld i denne omgang deg som bur i Bergensområdet. Meir informasjon: regjeringen.no/kaffemederna.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 90 97 32 66, e-post eil@smk.dep.no.

Kl. 13.30: Statsministeren og olje- og energiministeren inviterer til eit digitalt toppmøte om hydrogen, der dei møter sentrale aktørar på området for blant anna å snakke om moglegheiter og utfordringar i hydrogensatsinga.

Møtet er heildigitalt og kan følgjast på nett.

Pressekontaktar er statssekretær Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Kl. 15.15: Statsministeren inviterer til digitalt møte med frivillige organisasjonar i Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal for å snakke om einsemd i koronatida.

Møtet er heildigitalt og kan følgjast på nett.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Andreas Bjørklund, telefon 41 28 69 11, e-post abj@smk.dep.no.

Onsdag 18. november
Kl. 13.00: Statsministeren taler til NHOs digitale representantskapsmøte.

Fredag 20. november
Kl. 09.15: Statsministeren tek imot Estlands president Kersti Kaljulaid til samtale i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

På grunn av koronasituasjonen er det avgrensa tal på plassar til pressa. Me ber difor om at presse som ønskjer å dekke besøket melder seg på til smkinfo@smk.dep.no innan torsdag 19. november kl. 12. Ved stor interesse, kan det bli aktuelt å lage ei poolordning.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Laurdag 21. november
Kl. 12.00: Statsministeren taler til Bergen Høgres digitale årsmøte.

Pressekontakt er politisk rådgivar Hannah Sumeja Atic, telefon 93 26 13 98, e-post hsat@smk.dep.no.