Priv. til red.:

Statsministerens program veke 47

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Laurdag 16. november
Statsminister Erna Solberg besøkjer Årdal kommune laurdag 16. november. Sjå eiga pressemelding med fleire detaljar.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Søndag 17. november
Kl. 14.00: Statsministeren deltek på sentralstyremøte i Høgre. Stad: Høyres Hus i Oslo.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Kl. 18.00: Statsministeren er til stades på katolsk messe i St. Olav kyrkje i Oslo.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Måndag 18. november
Kl. 11.30: Statsminister Erna Solberg deltek på lanseringa av juleboka til =Oslo. Stad: Skippergata 14, Oslo.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgivar Camilla Ryste, telefon 482 13 216.

Tysdag 19. november
Statsminister Erna Solberg besøkjer Jessheim i Akershus, Gran på Hadeland, Lillehammer og Hamar. Tema for reisa er ”Eit sterkare sosialt sikkerheitsnett”, ei av satsingane i Sundvolden-plattforma.

Kl. 09.00: Statsministeren besøkjer Sjuer’n, eit lavterskeltilbod for rusavhengige på Jessheim. Adresse: Rådhusveien 7, Jessheim.

Kl. 10.45: Statsministeren treff arbeidsgivarar og deltakarar i prosjektet «Hadeland IPS» på Gran Tre på Jaren på Hadeland. «Hadeland IPS» er eit samarbeidsprosjekt i NAV-regi for å hjelpe personar med psykiske lidingar som har stått utanfor arbeidslivet tilbake i jobb. Adresse: Amundrudveien 86, Jaren, Gran.

Kl. 13.15: Statsministeren besøkjer Lillehammer bilskadesenter, som løfter kompetansen til dei tilsette ved å arrangere kurs i grunnleggjande lesing, skriving og IKT. Bedrifta får tilskot via program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA). Adresse: Industrigata 58, 2619 Lillehammer

Kl. 15.00: Statsministeren besøkjer Sagatun brukarstyrte senter på Hamar, eit aktivitetstilbod til personar som slit med rusproblem og psykisk helse. Adresse: Sagatunvegen 47b, 2317 Hamar.

Kl. 17.30: Statsministeren deltek på eit møte i regi av Høgre i Hedmark og Oppland. Adresse: Rica Hotell Hamar, Kårtorpveien 1.

Pressekontaktar er statssekretær Fredrik Färber, telefon 909 96 260 og kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Onsdag 20. november – besøk til Berlin
Statsminister Erna Solberg reiser til Berlin på si første reise utanlands som statsminister. I Berlin skal Solberg møta forbundskanslar Angela Merkel til ein arbeidslunsj, med ein felles pressekonferanse i etterkant.

Sentrale tema for samtalen mellom dei to er utviklinga av det gode samarbeidet mellom Tyskland og Noreg, norske næringslivsinteresser i Tyskland og den økonomiske situasjonen i Europa.

Etter arbeidslunsjen med Merkel vil statsministeren ha eit eige møte med norske gründerar og kulturarbeidarar i Berlin, samt halde eit foredrag om norsk-tyske relasjonar hos Konrad Adenauer-stiftinga.

Presse som ønskjer å dekke besøket må akkreditera seg til smkinfo@smk.dep.no innan kl. 12.00 måndag 18. november.

Pressekontaktar for reisa er kommunikasjonssjef Trude Måseide telefon 957 26 510 og statssekretær Sigbjørn Aanes 928 87 886.

Laurdag 23. november
Kl. 16.00: Statsministeren er til stades på cupfinalen i fotball for kvinner mellom Avaldsnes IL og Stabæk Fotball på Ullevaal Stadion.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Camilla Ryste, telefon 482 13 216

Søndag 24. november
Kl. 13.15 Statsministeren er til stades under cupfinalen i fotball for herrar mellom Molde FK og Rosenborg BK på Ullevaal Stadion.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.