Historisk arkiv

Statsministerens program veke 48

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg møter denne veka mellom anna KS og ordførarane frå dei største kommunane i eit dialogmøte om utfordringane i flyktningsituasjonen.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 23. november
Kl. 08.30: Statsminister Erna Solberg møter Fatih Birol, som er leiar for Det internasjonale energibyrået (IEA). Dei to møtest på Det Norske Teatret, i samband med at dei begge deltek på Statoils haustkonferanse.

Det er mogleg å fotografera ved oppstarten av møtet. Solberg og Birol vil vere tilgjengelege for presse rett etter møtet, om lag kl. 08.50.

Kl. 09.00: Statsministeren taler til Statoils haustkonferanse 

Konferansen går føre seg på Det Norske Teatret, Kristian IVs gate 8 i Oslo. Presse må akkrediterast for å få tilgang til konferansen, inkludert møtet mellom Solberg og Birol. Akkreditering skjer ved å sende ein e-post til hostkonferansen2015@gyro.no.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93051458.
Pressekontakt i Statoil er informasjonsdirektør Knut Rostad, telefon 905 48 990.

Kl. 09.45: Statsministeren er til stades på sentralstyremøtet i Høgre, på Høyres Hus.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Kl. 19.00: Statsministeren er til stades på Statoils haustkonsert på Det Norske Teatret.

Onsdag 25. november
Kl. 11.00: Statsminister Erna Solberg, justis- og beredskapsminister Anders Anundsen, kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner og barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne møter KS og ordførarane i dei største kommunane i eit dialogmøte om utfordringane i flyktningsituasjonen. Stad: KS Agenda Møtesenter, Haakon VIIs gt 9.

Presse som vil vere til stades må melde seg på til kes@ks.no innan 23. november, og vise gyldig pressekort ved inngangen. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Statsministeren er tilgjengeleg for presse om lag kl. 11.50.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Kl. 14.10: Statsministeren besøkjer Wayback. Wayback arbeider for at straffedømde kan leve eit liv utan kriminalitet og rusmisbruk. Målet er at tidlegare straffedømde kjem inn att i samfunnet og arbeidslivet. Adresse: Kristian Augusts gate 10.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Kl. 18.30: Statsministeren møter det danske Folketingets president Pia Kjærsgaard, i samband med Kjærsgaards offisielle besøk til Noreg. Møtet finn stad i Inkognitogata 18. Tema for samtalane vil vere bilateralt samarbeid mellom Noreg og Danmark, og internasjonalt samarbeid.

Det er mogleg å fotografera ved starten av møtet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Søndag 29. november – tysdag 1. desember
Statsminister Erna Solberg deltek på klimatoppmøtet i Paris. Sentrale tema for statsministeren under toppmøtet er forhandlingane om ein ny global klimaavtale, og inngåing av nye avtalar på klima- og skogfeltet. Statsministeren vil òg ha bilaterale møte, mellom anna med Canadas statsminister Justin Trudeau.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Tysdag 8. og onsdag 9. desember
Statsminister Erna Solberg besøkjer Haag og Rotterdam, i samband med at Nederland tek over EU-formannskapen frå nyttår. Statsministeren skal ha politiske samtalar med både statsministeren og finansministeren. Det er også lagt opp til besøk til Europol, Den internasjonale straffedomstolen (ICC) og Organisasjonen for forbud mot kjemiske våpen (OPCW). I tillegg besøkjer statsministeren Rotterdam havn, der ho møter norsk næringsliv i Nederland.

Presse må akkreditera seg til smkinfo@smk.dep.no innan torsdag 3. desember.

For meir detaljar om programmet kan kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland kontaktast, telefon 930 51 458.