Historisk arkiv

Statsministerens program veke 49

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren er denne veka mellom anna til stades ved utdelinga av Nobels fredspris i Oslo rådhus.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 4. desember
Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg er i Stortinget, i samband med finansdebatten. 

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Tysdag 5. desember
Kl. 09.00: Statsministeren taler på næringslivseminaret til Sparebank1 Markets på Saga kino i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eil@smk.dep.no.

Kl. 16.15: Statsministeren taler på Unio-konferansen på Sundvolden Hotel.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post asa@smk.dep.no.

Onsdag 6. desember
Kl. 08.30: Statsministeren deltek på Dagens næringsliv sitt frukostmøte «Hun som styrer landet» på Mesh i Oslo. Adresse: Tordenskioldsgate 3.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987, e-post: tab@smk.dep.no.

Kl. 10.00: For ti år sidan inviterte Teknisk museum til konkurransen «Klimahåp for fremtiden». Hundrevis av klimaønske for barn og ungdom blei lagt ned i ein kapsel og onsdag skal statsministeren vere med og opne kapselen. Adresse: Kjelsåsveien 143, Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Maria Korkunc, telefon 980 93 663, e-post mak@smk.dep.no.

Laurdag 9. desember
Kl. 18.00: Statsministeren er til stades på julekonserten til Dissimilis i Bærum kulturhus.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eil@smk.dep.no.

Søndag 10. desember
Kl. 13.00: Statsministeren er til stades ved utdelinga av Nobels fredspris i Oslo rådhus.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eil@smk.dep.no.

Om kvelden deltek statsministeren på Nobelbanketten på Grand Hotel.

Måndag 11. desember
Kl. 08.15: Statsminister Erna Solberg møter representantar frå fredsprisvinnar Den internasjonale kampanjen for å avskaffe atomvåpen (ICAN) i statsministerbustaden i Inkognitogata 18.

Ein fotopool kan arbeide ved starten av møtet. Norske deltakarar i poolen er NTBscanpix, NRK TV og TV2. Oppmøte ved inngangen i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 07.45.

Om lag kl. 08.50: Felles pressekonferanse med statsminister Solberg og ICAN-representantane i Riddervoldsgate 2. Oppmøte for pressefolk seinast kl. 08.20.

Presse som ønskjer å vera til stades på pressekonferansen må melda seg på til smkinfo@smk.dep.no innan fredag 8. desember kl. 12.00. Alle må ha med gyldig pressekort og ID.

Pressekontaktar er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987, e-post: tab@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eil@smk.dep.no.

Tysdag 12. desember – klimamøte i Frankrike
Statsministeren deltek på klimatoppmøtet One Planet Summit i Paris. Presse som vil dekkje møtet må akkreditera seg her før 1. desember.

Stad: Ile Seguin at La Seine Musicale (92100 Boulogne-Billancourt) i Paris.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510, e-post tm@smk.dep.no.

Onsdag 13. desember
Statsminister Erna Solberg besøkjer Sofia, i samband med at Bulgaria tek over EU-formannskapet frå januar 2018.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510, e-post tm@smk.dep.no.