Statsministerens program veke 5

Statsminister Erna Solberg besøkjer denne veka mellom anna Tyskland og Polen.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 26. januar
Kl. 13.45: Statsminister Erna Solberg opnar Blåkors sitt nye behandlingssenter på Slemdal. Senteret er eit resultat av regjeringas satsing på nye plassar innan rusbehandling. Statsministeren får ei omvising på senteret og møter pasienter og tilsette. Adresse: Tennisveien 4 i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Cathrine Slaaen, telefon 976 77 247.

Tysdag 27. januar
Statsministeren besøkjer Tyskland. Adresse: Berlin Congress Center, Alexanderstr. 11.
Kl. 08.00: Frokostmøte med Bill Gates i Berlin. Fotomoglegheit om lag kl. 08.50.
Kl. 09.00: Kort pressetilgjengelegheit.
Kl. 10.15: Statsministeren deltek på GAVIs påfyllingskonferanse.
Kl. 12.00: Biletaralt møte med forbundskanslar Angela Merkel. Fotomoglegheit.

Statsministeren besøkjer Asuchwitz i Polen.
Kl. 15.30: H.K.H. Kronprins Haakon og statsminister Erna Solberg er til stades på markeringa av 70-års dagen for frigjeringa av Auschwitz i Polen. Frigjeringa avslutta nazistanes folkemord i Auschwitz-Birkenau. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontakt er kommunikasjonssrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Onsdag 28. januar
Kl. 12.00: Statsministeren møter Norges internasjonale pressesenter (NIPS) på Statsministerens kontor.

Pressekontakt er kommuniasjonsrådgivar Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419.

Fredag 30. januar
Kl. 09.30: Statsministeren, kunnskapsministeren og helse- og omsorgsministeren inviterer til toppmøte om mobbing i Regjeringas representasjonsanlegg i Parkveien 45. Oppmøte for presse via Inkognitogaten seinast kl. 09.00.

Tema for møtet er å løfte fram røyster til folk som sjølve har blitt utsette for mobbing. Fleire som har blitt mobba deltek på møtet. Det same gjer fleire rektorar og lærarar, representantar for elevar, foreldre, barnehagar, fagpersonar og organisasjonar som har mobbing som ein del av sitt ansvar.

Presse kan vere til stades ved starten av møtet kl. 09.30. Møtedeltakarane er tilgjengelege for kommentarar etter møtet, om lag kl. 11.30. Oppmøte for presse via Inkognitogaten 11.00. 

  • Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.
  • Pressekontakt for kunnskapsministeren er kommunikasjonsrådgivar Dino Prohic, telefon: 922 25 224.
  • Pressekontakt for helse- og omsorgsministeren er Per Aubrey Bugge Tenden, telefon: 900 91 062.