Historisk arkiv

Statsministerens program veke 5

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg og utanriksminister Børge Brende deltek denne veka på ein givarlandskonferanse for Syria og nærområda

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 2. februar
Kl. 13.00: Statsminister Erna Solberg møter Polens statsminister Beata Szydło til politiske samtalar på Statsministerens kontor.

Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet i Glacisgata 1. Oppmøte for fotografar kl. 12.30. Ta med pressekort og gyldig ID.

Etter samtalane, om lag kl. 14.45, blir det eit kort pressemøte i Glacisgata 1. Oppmøte for pressefolk kl. 14.15. Ta med pressekort og gyldig ID.

Presse som ønskjer å delta må akkreditera seg til smkinfo@smk.dep.no innan måndag 1. februar kl. 12.00.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Onsdag 3. februar
Kl. 10.10: Statsministeren held opningstalen på på Youngfish-konferansen i Bergen. Konferansen går føre seg på Scandic Ørnen.

Pressekontakt er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181.

Onsdag 3. februar og torsdag 4. februar
Noreg tok i fjor haust initiativ til ein internasjonal givarlandskonferanse for Syria og nærområda. Konferansen finn stad i London 3. og 4. februar. Noreg er vertskap saman med Storbritannia, Tyskland, Kuwait og FN. Frå norsk side vil statsminister Erna Solberg og utanriksminister Børge Brende delta.

Onsdag 3. februar
Kl. 15.00 (britisk tid): Statsminister Erna Solberg og utanriksminister Børge Brende møter Storbritannias statsminister David Cameron i 10 Downing Street i London. Presseopplegget er foreløpig ikkje klart.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Torsdag 4. februar
Utdrag frå konferanseprogrammet. Det kan kome endringar:

Kl. 08.45-09.45: Utanriksminister Børge Brende leiar eit side-arrangement om utdanning.
Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg held opningsinnlegget på givarlandskonferansen.
Kl. 15.00-16.00: Statsministeren leiar givarrunden for utdanning.
Kl. 16.15-16.45: Pressekonferanse med statsminister Erna Solberg og med-arrangørar.

Konferansen finn stad i Queen Elisabeth II Centre. Pressesenteret er i Central Hall Westminster. For meir informasjon om konferansen, sjå konferansens nettside. Akkrediteringsfristen har gått ut.

Twitter: @SupportSyrians #SupportSyrians

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987. Pressekontakt for utanriksministeren er kommunikasjonsrådgivar Astrid Sehl, telefon 922 84 752.

Fredag 5. februar
Kl. 11.30: Statsminister Erna Solberg inviterer til toppmøte om forsking og høgare utdanning på Statsministerens kontor. Tema for møtet er korleis vi skal ta i bruk kunnskap for å skape betre tenester i offentleg sektor.

Møtet startar med lunsj, og pressa kan vere til stades under lunsjen og første del av møtet, fram til kl. 12.40. Oppmøte for pressefolk i Glacisgata 1 kl. 11.00. Ta med pressekort og gyldig ID.

Statsministeren og andre møtedeltakarar vil vere tilgjengelege for presse etter møtet, om lag kl. 14.00. Oppmøte for pressefolk i Glacisgata 1 kl. 13.30. Ta med pressekort og gyldig ID.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.