Statsministerens program veke 5

Statsminister Erna Solberg har denne veka mellom anna fleire møte i Paris og Valletta. Ho skal óg møte gründarar til diskusjon om utfordringane og moglegheitene rundt digitalisering og entreprenørskap.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 30. januar
Kl. 12.00: Regjeringa har invitert fleire gründerar til ein diskusjon om utfordringane og moglegheitene rundt digitalisering og entreprenørskap. Statsministeren leiar møtet.

Møtet går føre seg i regjeringas representasjonsanlegg i Parkveien 45. Det vil vera mogleg å fotografere ved starten av møtet. Deltakarane vil vera tilgjengeleg for kommentarar etter møtet, om lag kl. 13.20.

Oppmøte for fotografar ved inngangen i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 11.30. Ta med pressekort og gyldig id. For presse som vil ha kommentarar etter møtet, er det oppmøte seinast kl. 13.00.

Pressekontakt kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Tysdag 31. januar

Kl. 08.00: Statsministeren deltek på eit frukostmøte i regi av Telenor, der temaet er status for teknologinasjonen Noreg. Statsministeren held eit innlegg og deltek deretter i samtale med blant andre Jonas Gahr Støre.

Stad: Gründerkollektivet MESH, Tordenskiolds gate 3, Oslo.

Pressekontakt er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181. 

Tysdag 31. januar – onsdag 1. februar
Statsminister Erna Solberg besøkjer Paris og Valletta tysdag 31. januar og onsdag 1. februar.

Tysdag 31. januar på kvelden møter Solberg Frankrikes statsminister Bernard Cazeneuve i Paris.

Onsdag 1. februar møter Erna Solberg Maltas statsminister Joseph Muscat i Valletta. Bakgrunnen for besøket er at Malta har overtatt EU-formannskapen. Statsministeren skal også møta president Marie-Louise Coleira Preca.

Pressekontakt for statsministerens reise er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Fredag 3. februar
Kl. 12.15: Statsministeren deltek på lanseringa av nasjonal strategi for kompetansepolitikk på Scandic St. Olavs plass i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948. 

Kl. 15.15: Statsministeren taler på årsmøtet til Buskerud Høgre. Stad: Sundvolden hotell.

Pressekontakt er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181.

Laurdag 4. februar
Kl. 11.15: Statsministeren deltek i ei samtale med administrerande direktør Grethe Aasved på medarbeidarkonferansen til Aleris Helse. Samtala vil mellom anna dreie seg om korleis samarbeidet mellom offentlege og private helsetenester kan utviklast. 

Stad: Ullevål Business Centre i Oslo.

Kl. 13.00: Statsministeren taler på årsmøtet til Østfold Høgre. Stad: Quality Hotel & Resort i Sarpsborg.

Kl. 15.30: Statsministeren besøkjer Løkentunet sykehjem i Askim. Adresse: Løkenveien 16.

Pressekontakt er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181.