Statsministerens program veke 5

Statsministeren legg denne veka mellom anna fram regjeringserklæringa i Stortinget.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. 

Tysdag 30. januar
Kl. 08.00: Statsminister Erna Solberg deltek i #MeToo-møte med partileiarar og generalsekretærar frå alle parti i Stortinget.

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post rune.alstadsaeter@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Trude Måseide, 957 26 510, e-post trude.maseide@smk.dep.no.

Kl. 10.00: Statsministeren legg fram regjeringserklæringa i Stortinget.

Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post rune.alstadsaeter@smk.dep.no.

Onsdag 31. januar
Kl. 10.00: Statsministeren er i Stortinget i samband med debatten om regjeringserklæringa.

Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post rune.alstadsaeter@smk.dep.no.

Torsdag 1. februar
Kl. 19.40: Statsministeren deltek i kongeparets middag for hertugparet av Cambridge på slottet.

Fredag 2. februar
Kl. 12.00: Statsminister Erna Solberg inviterer til toppmøte om forsking og høgare utdanning. Statsministeren ønskjer innspel til korleis forsking og høgare utdanning kan gje oss kompetanse og løysingar som ligg i ny teknologi og digitalisering.

Møtet går føre seg i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45 i Oslo. Fleire detaljar i eiga pressemelding.

Pressekontaktar for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, 975 30 948, e-post anne.nordskog@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Maria Korkunc, telefon 980 93 663, e-post maria.korkunc@smk.dep.no.

Laurdag 3. februar
Kl. 11.30: Statsministeren deltek på Hordaland Høgre sitt fylkesårsmøte på Flesland. 

Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post rune.alstadsaeter@smk.dep.no.